mini|Sel kyrkje Nord-Gudbrandsdal prosti er eit tenestedistrikt i Hamar bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Dovre, Lesja, Lom, Nord-Fron, Sel, Skjåk og Vågå i Oppland (Innlandet fylke). Prosten har sete i Sel.

Historie Prostiet vart skipa i 1871 og bestod då av prestegjelda Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå som var skilde ut frå Gudbrandsdalen prosti.

Tidslinje 1871 - Oppretta ved deling av Gudbrandsdalen prosti. Bestod av prestegjelda Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå. 1910 - Sel skilt ut frå Vågå som eige prestegjeld. 1922 - Sel prestegjeld vart ført over til Midtre Gudbrandsdal prosti. 1972 - Sel prestegjeld og Nord-Fron prestegjeld overført til Nord-Gudbrandsdal frå Midtre Gudbrandsdal prosti (som vart lagt ned). 2004 - Utfasing av prestegjeldsordninga tek til.

Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje(r) Kyrkjeleg fellesrådBøverdalen sokn Bøverdal kyrkje Lom Dombås sokn Dombås kyrkjeEysteinkyrkja Dovre Dovre sokn Dovre kyrkje Dovre Garmo sokn Garmo kyrkje Lom Heidal sokn Heidal kyrkje Sel Kvam sokn Kvam kyrkje Nord-Fron Kvikne sokn Kvikne kyrkje Nord-Fron Lesja sokn Lesja kyrkje Lesja Lesjaskog sokn Lesjaskog kyrkjeLesjaverk kyrkje Lesja Lom sokn Lom stavkyrkje Lom Nordberg sokn Nordberg kyrkje Skjåk Nord-Sel sokn Nord-Sel kyrkje Sel Sel sokn Sel kyrkje Sjoa kapell Sel Skjåk sokn Skjåk kyrkje Skjåk Skåbu sokn Skåbu kyrkje Nord-Fron Sødorp sokn Sødorp kyrkjeSødorp kapell Nord-Fron Vågå sokn Vågå kyrkje Vågå

Prestegjeld Prestetensta var tidlegare leia lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Nord-Gudbrandsdal prosti desse prestegjelda:

Sel prestegjeld med Sel sokn Heidal sokn Nord-Sel sokn

Nord-Fron prestegjeld med Sødorp sokn Kvikne sokn i Gudbrandsdalen Kvam sokn i Gudbrandsdalen Skåbu sokn

Vågå prestegjeld med Vågå sokn

Dovre prestegjeld med Dovre sokn Dombås sokn

Lom prestegjeld med Lom sokn Bøverdalen sokn Garmo sokn

Lesja prestegjeld med Lesja sokn Lesjaskog sokn

Skjåk prestegjeld med Skjåk sokn Nordberg sokn i Gudbrandsdalen

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti

Referansar

Bakgrunnsstoff Om Nord-Gudbrandsdal prosti på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Hamar bispedømme

Kategori:Prosti i Noreg Kategori:Oppland fylke Kategori:Gudbrandsdalen Kategori:Skipingar i 1871 Kategori:1871 i Noreg