mini|Nes kyrkjeruinar Østre Romerike prosti var eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femna kommunane Aurskog-Høland, Fet, Nes og Sørum i Akershus fylke. Prosten hadde sete på Årnes.

Då prostiet vart oppretta i 1998 vart prostesetet lagt til Nes prestegjeld/Vormsund som også tidlegare har vore kyrkjeleg sentrum i Nes. Etter at dåverande sokneprest Hovde i Nes fekk nytt kall i Stranda på Sunnmøre i 2001 vart prostestaden flytta til Årnes. Ved kommunereforma 1.1.2020 var kommunane Sørum og Fet slegne saman med Skedsmo til nye Lillestrøm kommune, og kyrkjesokna vart lagde til Nedre Romerike prosti. Sokna i Nes kommune vart igjen ein del av Øvre Romerike prosti.

Sokn Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesrådAuli sokn Auli kyrkjeKlodsbodding kapell NesAurskog sokn Aurskog kyrkjeMangen kapell Aurskog-HølandBjørkelangen sokn Bjørkelangen kyrkje Aurskog-HølandBlaker sokn Blaker kyrkje SørumDalen sokn i Borg Dalen kyrkje på Romerike Fet og DalenFenstad sokn Fenstad kyrkje NesFet sokn Fet kyrkje på Romerike Fet og DalenFrogner sokn i Borg Frogner gamle kyrkjeFrogner kyrkje i Sørum SørumIngeborgrud sokn Ingeborgrud kyrkje NesLøken sokn Løken kyrkje Aurskog-HølandNes sokn i Borg Nes kyrkje på Romerike NesSetskog sokn Setskog kyrkje Aurskog-HølandSøndre Høland sokn Søndre Høland kyrkje Aurskog-HølandSørum sokn i Borg Sørum kyrkje på Romerike SørumUdenes sokn Udenes kyrkje NesÅrnes soknÅrnes kyrkje Nes

Prestegjeld Prestetenesta var før organisert lokalt gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Østre Romerike prosti desse prestegjelda:

Årnes prestegjeld med Årnes sokn Auli sokn

Nes prestegjeld på Romerike med Nes sokn i Borg Udenes sokn Fenstad sokn Ingeborgrud sokn

Høland prestegjeld med Søndre Høland sokn Løken sokn Setskog sokn Bjørkelangen sokn

Aurskog prestegjeld med Aurskog sokn

Fet prestegjeld med Fet sokn i Borg Dalen sokn i Borg

Sørum prestegjeld med Sørum sokn i Borg Blaker sokn Frogner sokn

Sjå òg Kyrkjer i Noreg etter kommune Kyrkjer i Noreg etter prosti Prosti i Den norske kyrkja

Bakgrunnsstoff Om Østre Romerike prosti på nettstaden til Den norske kyrkja

Kategori:Borg bispedømme Kategori:Tidlegare prosti i Noreg Kategori:Akershus fylke Kategori:Skipingar i 1998 Kategori:1998 i Noreg