Halldor Meland () var ein norsk spelemann frå Ullensvang i Hardanger. Han bidrog mellom anna til å nytolka og fornya gamle slåttar frå Hardanger. Meland skapte og mange nye slåttar. Etter han er det ein rik arv av folkemusikk.

Halldor Meland lærte mykje av eldre spelemenn i Hardanger, mellom dei Sjurd Håstabø og Olav Håstabø. Halldor råka og på Ola Mosafinn, som lærte han mykje spel frå Voss. Han førte mange av dei gamle Mosafinn-slåttane inn i hardingspelet. I samtida jamlikast han gjerne med Anders S. Kjerland.

I 1953 vart Halldor Meland æresmedlem i Landslaget for spelemenn, og han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1962.

Folkeminnesamlaren Rikard Berge nemner Meland som ein av dei dyktigaste spelemennene i Hardanger i artikkelen sin «Spelemenner», som første gong stod i boka Norges Musikkhistorie frå 1921.

Hardingfeleverket har 21 slåttenedskrifter etter Halldor Meland, ved Arne Bjørndal, Truls Ørpen, Eivind Groven og Sven Nyhus.

Bakgrunnsstoff Spelemenner av Rikard Berge.

Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Folk frå Ullensvang Kategori:Folk frå Kvam Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull