Prvić er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ein del av Šibenik-øygruppa, om lag 1 km frå fastlandet nær Vodice. Administrativt høyrer øya inn under kommunen Vodice i fylket Šibenik-Knin.
Det ligg to landsbyar på øya, Prvić Luka og Šepurine. Šepurine ligg på vestsida av øya ovanfor Vodice. Prvić Luka ligg i den største vika på søraustsida, og er verna mot nordleg og vestleg vind. Øya har eit areal på 2,37 km²,Statistisk årbok 2006 for Kroatia og eit folketal på 400 (2021).
Namnet på øya kjem mogelegvis frå Prvin, namnet på den kroatiske vårguden. Det er ingen bilar på øya. Den vidkjende vitskapsmannen Faust Vrančić ligg gravlagd ved Prvić Luka sidan øya var feriestad for familien hans om sommaren.
Folketal Folketalet på øya ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Prvić Šepurine 262 239 252 Prvić Luka 191 164 148 Øya Prvić 453 403 400
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff Prvić på infoadriatic.com prvic.netfirms.com
Kategori:Øyar i Kroatia