Hradec Králové er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Hradec Králové okres i regionen Hradec Králové kraj i Tsjekkia. Byen ligg ved elva Labe (Elbe).

Økonomien i byen er basert på næringsmiddelindustri, fotokjemi og elektronikkindustriar. I tillegg vert det produsert musikkinstrument i byen, mest kjend er pianomerket PETROF. Byen har eit universitet, og Karlsuniversitet i Praha har ei medisinsk avdeling her.

Byen er kjend for Slaget ved Königgrätz den 3. juli 1866, eit slag i den prøyssisk-austerrikske krigen.

Historie

Hradec Králové er ein av dei eldste busetnadane i Tsjekkia. Byen hadde festning alt i 1062, og katedralen i byen vart bygd i 1303.

Hradec Králové heitte opphavleg berre Hradec (slottet), Králové (dronningas) vart seinare lagt til då byen dronning Elisabeth fekk byen av kong Wenceslaus II.

Byen var sentral under Hussittkrigane, då han var med på opprørarane si side.

Trettiårskrigen førte til at den protestantiske folkesetnaden vart jaga frå byen etter slaget ved Bílá hora i 1620. I 1639 vart byen omleira av svenskane i åtte månadar.

Under Josef II si regjeringstid vart mange av kyrkjene i byen rive ned for å gjere plass til festningsverk. Desse festningsverka stod heilt til 1884.

Administrativ inndeling

Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Hradec Králové er ein slik by med utvida fullmakter.

Lovbestemt by Hradec Králové har status som lovbestemt by frå 1990.

Storbyområde Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Hradec Králové, Pardubice og områda rundt. 66 kommunar frå det administrative området til Hradec Králové inngår i storbyområdet. Dei er merkte med * i lista nedanfor. I tillegg kjem 49 kommunar frå det administrative området til Pardubice og 37 kommunar frå andre administrative område i regionen.

Kommunar Det administrative området til Hradec Králové omfattar 81 kommunar. Av desse er 5 byar (tsjekkisk město). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift.

Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Hradec Králové SO 144 125 145 373 146 003

Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Hradec Králové 92 649 Třebechovice pod Orebem 5 634 Chlumec nad Cidlinou 5 552 Smiřice 2 796 Nechanice 2 391 Černilov 2 264 Stěžery 2 112 1 794 1 779 1 692 1 100 1 073

Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Hradec Králové 92 649 Chlumec nad Cidlinou 5 057 Třebechovice pod Orebem 4 687 Smiřice 2 590 1 794 1 779 Stěžery 1 487 Nechanice 1 361 Černilov 1 185 1 100

Bydelar i Hradec Králové mini|250px|Bydelane i Hradec Králové Bydelane og tettstadene i Hradec Králové: Bydel/tettstad Folketal 2021 Březhrad 899 Hradec Králové 14 782 Kukleny 2 617 Malšova Lhota 869 Malšovice 2 557 Moravské Předměstí 4 966 Nový Hradec Králové 22 458 Piletice 186 Plácky 1 108 Plačice 737 Plotiště nad Labem 2 087 Pouchov 2 007 Pražské Předměstí 13 045 Roudnička 873 Rusek 411 Slatina 742 Slezské Předměstí 8 948 Svinary 1 064 Svobodné Dvory 2 632 Třebeš 7 225 Věkoše 2 436 Hradec Králové by 92 649 Hradec Králové kommune 92 649

Kjende personar frå Hradec Králové

Karl Freiherr von Rokitansky (1804 - 1887), austerriksk patolog, politikar og filosof. Václav Vladivoj Tomek (1818 - 1905), tsjekkisk historikar Zuzana Navarová (1959 - 2004), tsjekkisk songarinne og komponist

Merknader

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Hradec Hradec Hradec Hradec