Østfold fylke, stundom kalla Austfold, er eit fylke i Noreg. Fylket er det søraustlegaste i landet og ligg på den austre sida av Oslofjorden, med grensar til Akershus i nord og vest og til Sverige og dei svenske fylka Värmlands län og Västra Götalands län i aust. I perioden frå 2020 til 2023 var Østfold ein del av Viken fylke. Det blei eit eige fylke igjen den 1. januar 2024, og tok i bruk dei gamle grensene, med unntak av Rømskog som blei ein del av Akershus fylke.

Østfold har seks byar: Askim, Mysen, Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg.

Historie I vikingtida var området ein del av Vingulmark, som i sin tur var ein del av Viken og inkluderte Båhuslen. Det var delvis under svensk styre fram til Harald Hårfagre si tid.

Seinare, då Noreg var under dansk styre, delte den danske kongen området inn i mange len.

Namn Det gamle namnet til Oslofjorden var Fold, og tydinga til Østfold vert då 'fylket aust for Oslofjorden'. Dette namnet har røter attende til 1543. I mellomalderen var namnet på fylket Borgarsysla 'fylket til byen Borg (i dag Sarpsborg)'.

Seinare (under dansk styre) vart fylket kalla Smaalenenes Amt.

Klima Vêret i Østfold er prega av ei viss terrengskjerming mot aust og at det ligg ope til mot Skagerrak og Oslofjorden i sør og vest. Den herskande vinden er frå nord til nordaust om vinteren og frå sør til sørvest om sommaren.

Middeltemperaturen varierer frå -3 til -5 °C i januar til 16–17 °C i juli. Om vinteren vil temperaturen ved kysten som regel kome opp kring –1 °C.

Årsnedbøren er stort sett 700–800 mm, med seinsommaren og hausten som den våtaste tida. På grunn av det høgareliggande terrenget i aust, fell det lite snø om vinteren, i tillegg til at mild luft frå sjøen ofte fører til smelting.

Fylket har ein god del tåke, særleg på hausten og vinteren, på grunn av nærleiken til sjøen.

Kommunar Folketala i oversynet under er frå SSB per . Nr.NamnKartAdm.senterFolkemengdFlatevidd km²MålformDistrikt310125px|center|Halden kommune HaldenBokmålHalden310325px|center|Moss kommune MossNøytralMosseregionen310525px|center|Sarpsborg kommune SarpsborgBokmålNedre Glomma310725px|center|Fredrikstad kommune FredrikstadBokmålNedre Glomma311025px|center|Hvaler kommune 20px HvalerSkjærhaldenBokmålNedre Glomma311225px|center|Råde kommune KarlshusBokmålMosseregionen311425px|center|Våler kommune 20px VålerKirkebygdenBokmålMosseregionen311625px|center|Skiptvet kommune MeieribyenBokmålIndre Østfold311825px|center|Indre Østfold kommune 20pxIndre ØstfoldAskimBokmålIndre Østfold312025px|center|Rakkestad kommune RakkestadBokmålIndre Østfold312225px|center|Marker kommune ØrjeBokmålIndre Østfold312425px|center|Aremark kommune FossbyBokmålIndre ØstfoldTotalt25px|center|Østfold SarpsborgNøytralØstlandet

Sjå òg Tettstader i Østfold Kjelder

Bakgrunnsstoff

Fylkesmannen i Østfold Kulturnett Østfold

Kategori:Fylke i Noreg Kategori:Nedleggingar i 2020 Kategori:Skipingar i 2024