Digermulen kyrkje ligg på Digermulen i Vågan kommune i Nordland, i Lofoten prosti. Kyrkja er ei åttekanta kyrkje i betong. Ho vart vigsla 24. juni 1951 og har 250 plassar.

Arbeidet med å få bygd ei kyrkje i Austre Vågan starta så tidleg som i 1900. Vågan kommune hadde likevel dårleg økonomi, og det gjekk lang tid før ideen kunne realiserast. I november 1941 gav professor Ewald Bosse og kona hans 30 000 kroner til bygging av ei lita kyrkje ein stad i Hålogaland. Biskop Wollert Krohn-Hansen i Hålogaland bispedømme vart einig med prost Kristen Skjeseth i Vågan om å bruke pengane til å byggje ei kyrkje i Digermulen. Bygginga av kyrkja kom likevel ikkje i gang før i juli 1950.

Treskurden på preikestolen og rundt altartavla, og den utskorne døypefonten i kleberstein, er gjord av Iver Hølmo (1910-1954) frå Vågå. Han skar i 1953 òg interiøret til Røssvoll kyrkje.

Andre kyrkjer i Vågan Gimsøy kyrkje Henningsvær kyrkje Sildpollnes kyrkje Strandlandet kyrkje Svolvær kyrkje Vågan kyrkje

Kjelder Årbok for Vågan 2001: Digermulen kirke 50 år (pdf-fil)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Vågan Kategori:Kyrkjer i Lofoten prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1951 Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Vågan