Yaoundé er hovudstaden i Kamerun. Med 1 430 000 innbyggjarar (2005) er Yaoundé den nest største byen i landet etter Douala.
Historie Yaoundé vart grunnlagd i 1889 på grunnlag av den tyske koloniforvaltninga, som forskningsstasjon og hovudlager for elfenbeinshandelen. Under den første verdskrigen vart byen tatt av belgiske troppar, og i 1922 vart byen gjort til hovudstad i Fransk Kamerun.
Geografi 230px|mini|venstre|Yaoundé Byen ligg på eit platå om lag 750 moh. Omkring Yaoundé har Kamerun den høgaste folketettleiken. Mange av dei 1,4 millionar innbyggjarane bur i dei ytre delane av byen.
Klima Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 23,3 °C, og varierer i liten grad gjennom året. Den årlege middelnedbøren er 1 617 mm, og ein har to regntider: Ein i september-oktober og ein i april-mai.
Kategori:Hovudstader i Afrika Kategori:Byar i Kamerun
ln:Yaundé qu:Yaundé