Aerosmith er eit USA-amerikansk rockeband skipa i Boston i 1970. Gruppa består av Steven Tyler (solovokal, munnspel, piano), Joe Perry (gitar), Tom Hamilton (bass), Joey Kramer (trommer) og Brad Whitford (gitar). Stilen deira, som har røter i blues-basert hardrock, har òg innlemma element frå poprock, heavy metal, glam metal, og rhythm and blues, og har inspirert mange seinare rockeartistar. Dei blir av og til omtalte som «the Bad Boys from Boston» og «America's Greatest Rock and roll Band». Det primære låtskrivarteamet Tyler og Perry er ofte kjend som The «Toxic Twins».
Perry og Hamilton, opphavleg i eit band saman kalla The Jam Band, møtte Tyler, Kramer og gitaristen Ray Tabano, og danna Aerosmith. I 1971 vart Tabano erstatta av Whitford. Dei gav ut ei rekkje platina-album som starta med det sjølvoppkalla debutalbumet deira i 1973, etterfølgd av Get Your Wings i 1974. Bandet slo gjennom med Toys in the Attic (1975) og Rocks (1976). Draw the Line og Night in the Ruts følgde i 1977 og 1979. Gjennom 1970-talet turnerte bandet mykje og hadde eit dusin Hot 100-singlar, inkludert deira første Topp 40-hit «Sweet Emotion» og topp 10-hitane «Dream On» og «Walk This Way». Mot slutten av tiåret var dei blant dei mest populære hardrockbanda i verda og utvikla ein fanskare, ofte omtalt som «The Blue Army».Davis, s. 239 Narkotikamisbruk og interne konfliktar førte til at Perry og Whitford forlét bandet i 1979 og 1981. Det gjekk ikkje bra for bandet, og albumet Rock in a Hard Place (1982) klarte ikkje å matcha tidlegare suksessar.
Perry og Whitford vende tilbake til Aerosmith i 1984. Etter ein comeback-turné spelte dei inn Done with Mirrors (1985), som ikkje innfridde dei kommersielle forventningane. Det var ikkje før eit samarbeid med rapgruppa Run-D.M.C. i 1986 på ei nyinnspeling av «Walk This Way», og multiplatinutgivinga Permanent Vacation frå 1987, at dei vann tilbake den tidlegare populariteten sin. På slutten av 1980- og 1990-talet vann bandet ei rekkje prisar for musikken frå multiplatina-albuma Pump (1989), Get a Grip (1993) og Nine Lives (1997), medan dei la ut på sine hittil mest omfattande konsertturnear. Deira største hittar i denne perioden inkluderte «Dude (Looks Like a Lady)», «Angel», «Rag Doll», «Love in an Elevator», «Janie's Got a Gun», «What it Takes», «Livin' on the Edge», «Cryin'» og «Crazy». Bandet spelte òg inn populære musikkvideoar og gjorde oppsiktsvekkjande opptredenar i fjernsyn, film og videospel. I 1998 fekk dei sin første nummer éin-hit med «I Don't Want to Miss a Thing» frå Armageddon-soundtracket, og året etter opna berg-og-dal-bane-attraksjonen deira i Walt Disney World.comebacket deira har vorte skildra som eit av dei mest oppsiktsvekkjande og spektakulære i rockehistoria. Ytterlegare album Just Push Play (som inkluderte hitten «Jaded»), Honkin' on Bobo (ei samling bluescoversongar), og Music from Another Dimension! følgde i 2001, 2004 og 2012. I 2008 gav dei ut Guitar Hero: Aerosmith, som blir rekna for å vera det mest selde band-sentrerte videospelet. Etter fem tiår held bandet fram med å turnera og spela inn musikk. Frå 2019 til 2022 hadde bandet ein konsertopphald i Las Vegas, som vart avbrote frå 2020 til 2021 på grunn av covid-19-pandemien.
Aerosmith er det bestseljande amerikanske hardrockbandet gjennom tidene, og har selt meir enn 150 millionar plater på verdsbasis, inkludert over 85 millionar plater i USA. Med 25 gull-, 18 platina- og 12 multiplatina-album har dei rekorden for flest RIAA-sertifiseringar totalt av ei amerikansk gruppe og ligg på delt førsteplass for flest multiplatina-album av ei amerikansk gruppe. Dei har oppnådd tjueein topp 40-hittar på den amerikanske Hot 100-lista, ni nummer éin Mainstream Rock-hittar, fire Grammyprisar, seks American Music Awards og ti MTV Video Music Awards. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2001, og vart rangert som høvesvis nummer 57 og 30 på Rolling Stone og VH1 sine lister over dei 100 største artistane gjennom tidene. I 2013 vart Tyler og Perry innlemma i Songwriters Hall of Fame, og i 2020 fekk bandet prisen MusiCares Person of the Year.
Historikk Danninga (1964-1970) I 1964 danna Steven Tyler sitt eige band kalla The Strangeurs - seinare Chain Reaction - i Yonkers i New York. I mellomtida danna Perry og Hamilton The Jam Band (ofte kjent som «Joe Perry's Jam Band»), som var basert på friform og blues. Hamilton og Perry flytta til Boston i Massachusetts i september 1969.Davis, s. 95 Der møtte dei Joey Kramer, ein trommeslagar frå Yonkers i New York. Kramer kjende Tyler og hadde alltid håpa å spela i eit band med han.Davis, s. 104 Kramer som var student ved Berklee College of Music, bestemde seg for å forlata skulen og vart med i The Jam Band.
I 1970 spelte Chain Reaction og The Jam Band på same konsert. Tyler elska omgåande stilen til Jam Band, og ønskte å kombinera dei to banda. I oktober 1970 møttest bandet igjen og vurderte forslaget. Tyler, som hadde vore trommeslagar og korsongar i Chain Reaction, nekta hardnakka å spela trommar i dette nye bandet, og insisterte på at han berre ville delta viss han kunne vera frontmann og solovokalist. Dei andre gjekk med på det, og eit nytt band vart danna. Bandet flytta inn i ein heim saman på 1325 Commonwealth Avenue i Boston, der dei skreiv og øvde musikk saman og slappa av mellom konsertane.
Bandmedlemmene brukte etter seiande ettermiddagane på å rusa seg og sjå reprisar av Three Stooges. Ein dag hadde dei eit møte etter Stooges for å prøva å finna eit namn. Kramer sa at då han gjekk på skulen, skreiv han ordet «aerosmith» over heile notatbøkene sine. Namnet hadde dukka opp i hovudet hans etter å ha høyrt på Harry Nilsson-albumet Aerial Ballet, som inneheldt jakkekunst av ein sirkusartist som hoppa ut av eit dobbeltdekkar. Til å byrja med var bandmedlemmane til Kramer lite imponerte; dei trudde alle at han refererte til Arrowsmith, Sinclair Lewis-romanen dei var pålagde å lesa i engelskundervisninga på high school. «Nei, ikkje Arrowsmith,» forklarte Kramer. «A-E-R-O... Aerosmith.» Bandet bestemde seg for dette namnet etter òg å ha vurdert «The Hookers» og «Spike Jones.»Davis, s. 106-107 På eit tidspunkt før helga 25. desember 1971 var dei kjende som «Fox Chase».
Kort tid etter hyra bandet Ray Tabano, ein barndomsvenn av Tyler, som rytmegitarist og byrja å spela lokale konsertar.Davis, s. 105, 111 Aerosmith spelte sin første konsert i Mendon i Massachusetts på Nipmuc Regional High School (no Miscoe Hill Middle School) den 6. november 1970. I 1971 vart Tabano erstatta av Brad Whitford, som òg gjekk på Berklee School of Music, og tidlegare var medlem av bandet Earth Inc.Davis, s. 128-131 Whitford, frå Reading i Massachusetts, hadde allereie spelt på AW Coolidge Middle School. Bortsett frå ein periode frå juli 1979 til april 1984 har besetninga med Tyler, Perry, Hamilton, Kramer og Whitford vore den same.
Platekontrakt, Aerosmith, Get Your Wings og Toys in the Attic (1971-1975) Etter at bandet var danna bandet og fekk ferdigstilt besetning i 1971, byrja det å hausta ein viss lokal suksess med konsertane sine. Bandet var opphavleg booka gjennom Ed Malhoit Agency,Davis, s. 110 og signerte ein promoteringsavtale med Frank Connelly, og sikra seg til slutt ein managementsavtale med David Krebs og Steve Leber i 1972.Davis, s. 157 Krebs og Leber inviterte Columbia Records-direktøren Clive Davis til å sjå bandet på Max's Kansas City i New York City. Aerosmith var opphavleg ikkje planlagt å spela den kvelden på klubben, men dei betalte av eiga lomme for å sikra seg ein plass på plakaten, etter det som blir sagt, det einaste bandet som nokosinne har gjort det på Max. «No Surprize» frå albumet Night in the Ruts feira augneblinken då dei vart kjende.
Aerosmith signerte med Columbia i midten av 1972 for etter seiande 125 000 dollar, og gav ut debutalbumet sitt, Aerosmith.Huxley, Martin (1995). s. 25 Albumet kom ut i januar 1973 og nådde 166. plassen på den amerikanske albumlista. Albumet var rett fram rock and roll med veldefinerte bluesinnverknader, og la grunnlaget for signatur-bluesrocken til Aerosmith. Sjølv om den høgast plasserte singelen frå albumet var «Dream On» på 59. plassen,Davis, s.. 202 skulle fleire spor, som «Mama Kin» og «Walkin' the Dog», bli fast inventar på konsertane deira, og vart spelte på rockeradio.Davis, s. 183, 190-191 Albumet nådde først gullstatus, selde til slutt to millionar eksemplar, og vart sertifisert dobbel platina etter at bandet fekk det store gjennombrotet sitt over eit tiår seinare. Etter stadige turnear gav bandet ut sitt andre album, Get Your Wings i 1974, det første av ei rekkje multiplatina-album produserte av Jack Douglas.Davis, s. 206 Dette albumet inneheldt rockradiohitene «Same Old Song and Dance» og «Train Kept A-rollin'», ein coverversjon gjort tidlegare av The Yardbirds.Davis, s. 220 Albumet inneheldt òg fleire fanfavorittar, inkludert «Lord of the Thighs», «Seasons of Wither» og «S.O.S. (Too Bad)», mørkare songar som har vorte faste innslag på konsertane deira.Davis, s. 215-217 Til dags dato har Get Your Wings selt tre millionar eksemplar.
I 1975 gav Aerosmith ut det tredje albumet sitt, Toys in the Attic, som etablerte Aerosmith som internasjonale stjerner i konkurranse med Led Zeppelin og The Rolling Stones. Dei vart opphavleg latterleggjort som Rolling Stones-kopiar, delvis på grunn av den fysiske likskapen mellom forsongarane Steven Tyler og Mick Jagger, men Toys in the Attic viste at Aerosmith var eit unikt og talentfullt band i sin eigen rett. Toys in the Attic vart ein uvilkårleg suksess, og starta med singelen «Sweet Emotion», som vart den første Top 40-hitten deira.Davis, s. 244 Dette vart etterfølgd av ei vellykka nyutgiving av «Dream On» som nådde sjetteplassen og vart deira beste singel på 1970-talet.Davis, s. 247 «Walk This Way», som kmo ut på ny i 1976, nådde topp 10 tidleg i 1977.
I tillegg vart «Toys in the Attic» og «Big Ten Inch Record» (ein song opphavleg innspelt av Bull Moose Jackson) konsertfavorittar. Som eit resultat av denne suksessen kom begge dei tidlegare albuma til bandet inn på listene igjen.Davis, s. 238, 247 Toys in the Attic vart det mestseljande studioalbumet til bandet i USA, med eit sertifisert sal på ni millionar eksemplar. Bandet turnerte til støtte for Toys in the Attic, der dei byrja å få meir anerkjenning. På denne tida etablerte bandet òg heimebasen sin som «The Wherehouse» i Waltham i Massachusetts, der dei spelte inn og øvde musikk, og dessutan dreiv forretningar.Davis, s. 246
Rocks, Draw the Line og Live! Bootleg (1976-1978) mini|upright=0.75|Steven Tyler og Joe Perry på konsertI 1976 kom det fjerde albumet til Aerosmith, Rocks, som musikkhistorikaren Greg Prato skildra som eit album som «fanga Aerosmith på sitt mest rå og rocka». Det selte raskt til platina og fekk to topp 40-hittar, «Last Child» og «Back in the Saddle», og dessutan balladen «Home Tonight», som òg gjekk inn på hitlistene. Rocks skulle etter kvart selja over fire millionar eksemplar. Både Toys in the Attic og Rocks er høgt respekterte, spesielt i hardrock-sjangeren: Dei figurerer på lister som Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene og blir nemnt som innverknadsrike av medlemmer av Guns N' Roses, Metallica og Mötley Crüe. Kurt Cobain lista òg Rocks som eit av albuma han meinte var mest innverknadsrike for stilen til Nirvana i dagboka si i 1993. Like etter at Rocks vart gitt ut, heldt bandet fram med å turnera heftig, denne gongen med eigne konsertar, inkludert store stadion og rockefestivalar.