Nicolas Paul Stéphane Sárközy de Nagy-Bócsa, kjend som Nicolas Sarkozy, () er ein fransk politikar. Han er formann for det konservative partiet, Union pour un Mouvement Populaire (Unionen for ei folkerørsle), og var president i Frankrike frå 2007 til 15. mai 2012. Som president i Frankrike var han òg fransk samfyrste av Andorra, saman med Joan-Enric Vives i Sicília. Han er son av ungarske foreldre som høyrde til den ungarske lågadelen, og som flykta frå heimlandet i 1944 kort før det vart invadert av Sovjetunionen.

Sarkozy vart i januar 2007 vald til å representere regjeringspartiet UMP, i presidentvalet i april 2007. I fyrste valomgang fekk han flest røyster, og gjekk vidare til andre valomgang. Der stod kampen mellom han og den sosialistiske kandidaten Ségolène Royal, og han vart utropt til vinnar 6. mai 2007.

mini|venstre|Nicolas Sarkozy. Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nicolas Sarkozy» frå , den 6. mai 2007.

Bakgrunnsstoff

Kronikk i Bergens Tidene: «Hvem er redd for Nicolas Sarkozy?» TV2: François Hollande tatt i ed som Frankrikes president

Kategori:Franske politikarar Kategori:Franske presidentar Kategori:Andorranske fyrstar