Remscheid er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg i den nordlege delen av Bergisches Land, sør for Ruhrområdet.
Historie Remscheid vart grunnlagd på 1100-talet, men var berre ein liten landsby fram til 1800-talet. Tidlegare utgåver av namnet på byen var Remissgeid (1217), Rymscheyd (1351), Reymscheyd (1487) og Rembscheid (1639). Den økonomiske veksten i heile Rhin-Ruhr-området førte til folkevekst i Remscheid. Maskinteknikk og produksjon av verktøy var hovudnæringane til byen.
Den 31. juli 1943, under den andre verdskrigen, vart Remscheid nesten heilt øydelagd under eit britisk bombetokt som skapte ein eldstorm.
Eit fly av type A-10 Thunderbolt II styrta i byen 8. desember 1988 og seks menneske omkom.
I dag består Remscheid av fire bydelar, Alt-Remscheid, Remscheid-Süd, Lennep og Lüttringhausen.
Kjende folk Wilhelm Röntgen, oppdagaren av røntgenstråler, vart fødd i Lennep i 1845, som i dag er ein bydel i Remscheid.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Remscheid» frå , den 15. juli 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyskland Kategori:Byar i Nordrhein-Westfalen