mini|Peloponnes sett frå rommet
Korintbukta er ei djup bukt i Det joniske havet i Hellas som skil Peloponnes frå det vestlege greske fastlandet. Ho grenser i aust til Korinteidet, der Korintkanalen går gjennom, og i vest til Ríosundet, som skil Korintbukta frå den ytre Pátrabukta ved neset Kapp Drépano, som på det smalaste vert kryssa av Río-Andírio-brua. Korintbukta er nesten heilt omgjeve av perierieiningane Etoloakarnanía og Fokída i nord, Viotía i nordaust, Attikí i aust, Korinthía i søraust og sør og Akhaía i sørvest. Bukta er eit av dei mest seismisk aktive i Europa.
I mellomalderen vart bukta kalla Lepantobukta. Her vart det tredje slaget ved Lepanto utkjempa i 1571, der den osmanske flåten vart øydelagd. I 1772 vart ein annan tyrkisk flåte øydelagd av russarane ved inngangen til bukta. Byen Lepanto heiter i dag Návpaktos.
Skipsruta mellom Aten og til hamner i resten av verda, inkludert Middelhavet, går gjennom bukta. Ferjesamband går mellom Éjo og Ájos Nikólaos i den vestlege delen av bukta.
Bukta er 130 km lang og mellom 8,4 og 32 km brei.
Geologi Bukta vart danna gjennom utvidinga av ei tektonisk rift. Rifta utvidar seg framleis med 3 cm i året, og dei omliggande forkastingane er svært seismisk aktive.
Byar Byar ved bukta er mellom anna
Návpaktos (nordvest) Sergoúla, inga hamn, men strand. Glyfáda, inga hamn Spiliá, inga hamn Ájos Nikólaos (nord) Galaxídi (nord), lita hamn Itéa (nord), lita hamn Kírra (nord), inga hamn Ájos Vasílios, lita hamn Pórto Jermenó (Egósthena) (aust), lita hamn og strender Psátha, i aust, stor strand Alepokhóri, (søraust) Loutráki, inga hamn Korint (søraust) Kiáto, (søraust) Xylókastro (sør) Dervéni Kráthio (sørvest), inga hamn Diakoptó (sørvest), strand Éjo (sørvest) Pátra (søraust), stor hamn Lógos (sørvest) Ákoli (sørvest), strand Káto Rodiná (vest-sørvest) Psathópyrgos (vest)
Elvar Følgjande elvar munnar ut i Korintbukta: I nord Mórnos
I sør Volinéos Sélemnos lita elv aust for Arakhovítika og Drépano Selinoúntas Vouraikós elv aust for Diakoptó Zakholítikos Asopós i Korinthía Sýthas ved Xylókastro
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gulf of Corinth» frå , den 19. august 2007.
Bakgrunnsstoff Atlas over Korintbukta Bilete frå Korintbukta Kart over Korintbukta
Kategori:Bukter i Middelhavet Kategori:Bukter i Hellas Kategori:Riftdalar