Taýjetos (gresk Ταΰγετος), òg kalla Taygetos, Taigetos eller Taygetus, er ei fjellkjede på Peloponnes sør i Hellas, som strekkjer seg 100 km nordover frå sørenden av Kapp Ténaro på Mánihalvøya. Det er 2 410 meter høgt ved Ájos Ilías. Fjellet er kalla opp etter Taygete. I tida frå Austromarriket og fram til 1800-talet vart fjellet kalla Pendedáktylos (gresk for femfingra). Fjellkjeda ligg i periferieiningane Arkadía, Lakonía og Messinía.

Den høgaste toppen i fjella er forma som ein pyramide. Enkelte forskarar meiner at denne strukturen vart hogd ut for hand av menneske i antikken, medan andre meiner at dette er ein naturleg steinformasjon. Det er derimot ingen erosjonsmekanismar (til no) som kan forklare ein slik naturleg steinformasjon. I antikken skal spartanarane ha bygd eit tempel for Apollon ved toppen. Ei kyrkje for profeten Elias (προφήτης Ηλίας) ligg på same stad.

Dalen til elva Evrótas ligg i aust, medan Det joniske havet ligg mot sør og vest i lag med Messiníabukta og Arkadía i nord.

Nesten heile Evrotasdalen og Párnonasfjella og halve Lakonía kan ein sjå frå austsida av fjellet. Frå vestsida kan ein sjå Kalamáta og den austlege halvdelen av Messinía.

Dei sentrale områda av fjellkjeda vert ofte kalla Skotiní Plévra, som tyder «den mørke sida», fordi landsbyane her ikkje får mykje sol. Mykje av området er skogkledd og i høgareliggande område grassletter og blomar.

Stader i Taýjetos Artemisía Pijés

Nærliggande stader Vest: Areópoli Neokhóri Kalamáta Pévko Nord: Loganíkos Neokhóri Péllana Aust: Sellasía Spárti Mystrás Magoúla Árna Jýthio Sør: Mánihalvøya

Ymse

Spartanarane i antikken etterlet nyfødde born med sjukdom eller fysiske feil her for å døy. Spárti var ein krigarby og fysisk veikskap vart ikkje tolerert.

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettside http://www.gianniskofinas.com/Vouna/t1/taigetos1.htm http://www.papagiannakos.com/lakonia/taygetus.htm

Kjelde

Tayjetos Tayjetos Tayjetos Tayjetos