Periferieininga Lasíthi (gresk Περιφερειακή ενότητα Λασιθίου, Periferiakí enótita Lasithíou) er den austlegaste periferieininga på øya Kreta i Hellas, aust for Iráklio. Lasíthi er ei av fire periferieiningar i periferien Kreta.

Hovudstaden er Ájos Nikólaos, og andre større byar er Ierápetra, Sitía og Neápoli. Av fjell finn ein Díkti i vest og Sitíafjella i aust. Egearhavet ligg i nord medan Libyahavet ligg i sør.

Aust for landsbyen Eloúnda ligg øya Spinalonga, som tidlegare var ein venetiansk festning og ein koloni for spedalske. Ved foten av Díkti ligg Lasíthiplatået, som er kjend for sine vindmøller.

På grunn av dei mange strendene og det milde klimaet kjem mange turistar til Lasithi. Masseturisme finne ein på stader som Vái, Ájos Nikólaos og øya Khrysí.

Prefekturet har mange funn frå antikken og førhistorisk tid. Vasilikí, Foúrnou Korfí, Pýrgos, Zákros og Gourniá er ruinar frå den minoiske sivilisasjonen, Lato og Itanos var doriske byar.

Administrativ inndeling

Tidlegare var Lasíthi eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegarekommune Postnummer Retningsnr Lasíthi Ájos Nikólaos Ájos Nikólaos 721 00 28410-2 Neápoli 724 00 28410-3 Vrakhási Sitía Sitía 723 00 28430-2 Ítanos 723 00 28430-6 Lévki 720 56 28430-9 Oropédio Lasithíou Oropédio Lasithíou 720 53 28440-2 Ierápetra Ierápetra 722 00 28420-2 Makrý Jalós 720 55 28430-2

Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i periferieininga er: Tettstad Kommune Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Ierápetra Ierápetra 12 355 13 609 Ájos Nikólaos Ájos Nikólaos 11 421 12 149 Sitía Sitía 9 348 10 565 Neápoli Ájos Nikólaos 2 683 2 773 Skhísma Ájos Nikólaos 1 730 1 698 Gra Lyjá Ierápetra 1 528 1 451 Kritsá Ájos Nikólaos 1 296 1 291 Kendrí Ierápetra 1 021 1 051 Palékastro Sitía 953 1 024 Sísi Ájos Nikólaos 1 003 1 001

Referansar

Bakgrunnsstoff Den geografiske profilen til Lasíthi

Kjelde

Lasithi

Lasithi Lasithi