Ílio (gresk Ίλιο, katharevousa Ίλιον, i antikken Ilium), tidlegare kalla Nea Liosia eller Nea Liossia, er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Vest-Aten i periferien Attikí.
Fjellet Egáleo ligg i vest. Ílio ligg òg søraust for Elevsína, sør for Attikí Odós og nord for Pireus.
Ílio bestod tidlegare hovudsakleg av jordbruksområde, men urbanisering mellom 1950- og 1990-åra har ført til at desse områda stort sett er borte. Berre nær Egáleo finn ein meir steinete og berre landskap. Det vart drive gruvedrift i dei vestlege områda frå 1960-åra og fram til slutten av 1900-talet.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside
Kjelde
Ilio Ilio Ilio