Tynset kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1795 i Tynset kommune i Innlandet fylke.
Kyrkja er bygd i tømmer og har 700 sitjeplassar. Dette er den største åttekanta kyrkja oppført i lafta tømmer. Den store steinkyrkja på Røros var førebilete for Tynset kyrkje.Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194. Byggverket er i tømmer og har 700 plassar.Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, side 612, Vanebo forlag 1993, ISBN 82-75-27022-7 Grunnplanet er ein langstrakt åttekant med seks søyler som ber taket. Det er preikestolsalter med losjar på kvar side på same måte som i Røros kyrkje. Ordninga med preikestolsalter er i tråd med den tids skikk og med protestantismens vekt på preika og samanheng mellom ord og sakrament. Orgelet står over preikestolsalteret. Kor og skip går i eitt utan skarpt skilje. Alterbildet kom i 1826. Den forrige kirken (fra 1708) brant i 1792. Arbeidet med oppføring av kirkebygget tok til i 1793. Taket har knekk, sakristi i to etasjar og et høgt tårn mot vest. Vreim skildrar bygget som «langstrakt åttekant av Røros-typen».
Den åttekanta murkyrkja på Røros var modell for Tynset kyrkje som vart laga noko mindre og oppført i lafta tømmer.Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194. Tynset kyrkje er den største åttekantkyrkja i tømmer. Byggmester for var Peder Ellingsen, overbyggmester på kobberverket. Vreim omtalar Ellingsen som ein gåverik konstruktør. Ellingsen hadde deltatt ved oppføring og innreiding av Røros kyrkja, og truleg var han ein av fleire som truleg deltok i utforming av bygget - han laga mellom anna to modellar som forslag til ei lafta kyrkje på Røros. Svend Aspås, som også deltok på Røros, takka nei til oppdraget på Tynset. Det første forslaget var å bygge ei steinkyrkje også på Tynset, men dette vart avvist som for vidløftig. Tømmeret var dei første 40 åra utan kledning, da vart den panelt og måla raud, seinare kom kvitfargen på. Domenico Erdmann henta i 1924 fram igjen dei opphavlege innvendige fargene og marmoreringa som hadde vore dekt av måling.
Bardu kyrkje frå 1829 er bygd etter mønster av Tynset kyrkje. Omkring 1800 utvandra ein god del frå Nord-Østerdalen til Nord-Norge og særleg til nybyggarområda i Bardu. Størstedelen av folkesetnaden i Bardu på den tida hadde bakgrunn fra Tynset og Alvdal, og heldt kontakt sørover.
Galleri
Kjelder
Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Tynset kirke», s. 612.
Bakgrunnsstoff
Om Tynset kyrkje på nettstaden til Tynset kyrkjelege fellesråd Om Tynset sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
Eldre fotografi av Tynset kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
Kategori:Kyrkjer i Tynset Kategori:Norske kyrkjer frå 1790-åra Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Nord-Østerdal prosti Kategori:Kulturminne i Tynset Kategori:Valkyrkjer i 1814