mini|Sveio skulekorps. mini|Torrance High School Band, eit skolekorps frå California. Skolekorps er ein type musikkorps der barn og ungdom speler, ofte med tilknyting til ein særskild skole. Korpsa gjev medlemmene opplæring i å spela eit instrument eller i drilling, og opptrer ved visse høve, særleg ved syttande mai-markeringar.
Norske skolekorps er ein viktig utdanningsinstitusjon som rekrutterer musikarar til det profesjonelle musikklivet. Korpsa blir i stor grad drivne av foreldre, men med innleide profesjonelle krefter. Skolekorpsmusikantar er normalt i alderen 7-19 år. Eldre musikantar, gjerne frå 15 år og oppover, kan også spela i amatørkorps.
Besetning Skolekorps kan vera janitsjarkorps, som er den vanlegaste typen, eller brassband. Medan brassband berre har messingistrument og slagverk, bruker janitsjarkorps også treblåseinstrument. Ei normal besetning i eit janitsjarskolekorps vil ha: 2-6 fløyter 6-12 klarinettar 3-7 saksofonar (alt, tenor og baryton) 2-5 valthorn 5-10 kornettar/trompetar 3-5 trombonar 1-4 eufonium 1-4 tuba 3-8 slagverk
I tillegg kan ein ha med andre instrument, som obo, fagott, althorn og sopransaksofon
Skolekorps i Noreg Sjå òg musikkorps i Noreg
Noreg har to landsdekkande organisasjonar for musikkorps der skolekorps er med. Dei er Norges Musikkorps Forbund og Korpsnett Norge.
Kategori:Musikkorps Kategori:Utdanning i Noreg