Makedonia (gresk Μακεδονία) eller Gresk Makedonia er den største og nest mest folkerike av dei tradisjonelle regionane i Hellas. I lag med regionane Thessalía og Thráki vert det ofte uoffisielt kalla Nord-Hellas.
Området dekkjer det meste av det gamle Kongedømet Makedonia, fødestaden til Aleksander den store. Namnet har seinare vorte nytta om ein større del av Balkan berre kalla Makedonia, der Gresk Makedonia utgjer 52,4 % av arealet og 52,9 % av folketalet. Det var ein del av Det osmanske riket fram til 1912. I 1913 vart det meste av dei osmanske områda i Europa (inkludert Makedonia) delt mellom dei omliggande landa Hellas, Serbia, Bulgaria, Albania og Montenegro.
Historie
mini|venstre|Kart over Aleksander den store sitt rike. Utdjupande artiklar: Antikkens Hellas, Antikkens Makedonia, Aleksander den store og Den romerske provinsen Makedonia
Namn
Makedonia er eit gresk namn.
Geografi
Makedonia dekkjer eit areal på 34 177 km² og utgjer den nordlege delen av det greske fastlandet. Hovudstaden i Makedonia er Thessaloníki. Makedonia grensar til Albania, Nord-Makedonia og Bulgaria i nord, til Thráki i aust, Ípiros i vest og Thessalía i sør.
Byar
Dei største byane i Makedonia (2021) er: 1. Thessaloníki (hovudstad) 784 695 2. Sérres 59 260 3. Kateríni 56 961 4. Kavála 51 947 5. Drama 43 445 6. Véria 42 508 7. Kozáni 42 140 8. Ptolemaída 31 537 9. Jannitsá 28 75910. Kilkís 23 18211. Náousa 17 83012. Flórina 17 18813. Edessa 17 16814. Alexándria 15 04215. Kastoriá 12 54816. Grevená 12 29317. Néa Moudaniá 10 042
Periferiane og periferieiningane
Dei tre makedonske periferiane og periferieiningane deira er:
Kart over Makedonia Tal Periferi Hovudstad Areal Folketal 2021 </tr> 350px Vest-Makedonía består av: Kozáni 9 451 km²254 595 1 Periferieininga Kastoriá Kastoriá 1 720 km²45 929 2 Periferieininga Flórina Flórina 1 924 km²44 8803 Periferieininga Kozáni Kozáni 3 516 km²137 210 4 Periferieininga Grevená Grevená 2 291 km²26 576 Sentral-Makedonía består av: Thessaloníki 18 811 km²1 795 669 5 Periferieininga Pélla Édessa 2 506 km²126 740 6 Periferieininga Imathía Véria 1 701 km²131 001 7 Periferieininga Piería Kateríni 1 516 km²119 384 8 Periferieininga Kilkís Kilkís 2 519 km²70 477 9 Periferieininga Thessaloníki Thessaloníki 3 683 km² 1 092 919 10 Periferieininga Khalkidikí Polýjyros 2 918 km²102 085 11 Periferieininga Sérres Sérres 3.968 km²151 317 Aust-Makedonía Del av Aust-Makedonía og Thráki består av: Kavála 5 579 km²215 942 12 Periferieininga Dráma Drama 3 468 km²86 643 13 Periferieininga Kavála Kavála 1 728 km²116 195 14 Periferieininga Thásos Thásos 379 km²13 104 15 Áthos (Sjølvstyrt) Karyés 336 km²1 746 Totalt Makedonia Thessaloníki 34 177 km²2 267 952
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Macedonia (Greece)» frå , den 15. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Makedonia