County Kildare (irsk Contae Chill Dara eller berre Cill Dara) er eit grevskap i Republikken Irland søraust på Irland i provinsen Leinster. Namnet kjem frå irsk og tyder 'kyrkje' (Cill) 'ved eikene' (Dara)
County Kildare grensar til Meath i nord, Offaly og Laois i vest, Carlow i sør og Dublin og Wicklow i aust. Kildare eir ein del av storbyområdet til Dublin.
Store byar Byen Kildare er den eldste i grevskapet og den mest historierike. Naas (Nás na Rí på irsk, tyder 'møtestaden til kongar') er hovudbyen.
Newbridge (Droichead Nua) er den største byen i Kildare og ligg sentralt i grevskapet, nær Curraghsletta. Han er ein raskt veksande by med over 20 000 innbyggjarar.
Maynooth (Maigh Nuad) er det historiske utdanningssenteret i grevskapet. Her ligg Nasjonaluniversitet i Irland, Maynooth og St Patrick's College i Maynooth. Kilcock (Cill Choca) er ein by 6 km nord for Maynooth.
Leixlip (Léim an Bhradáin) er eit industrisenter nord for Kildare med store fasilitetar for Intel og Hewlett-Packard, og den opphavlege heimbyen til Guinness, som har opphavet sitt i Leixlip Castle.
Celbridge (Cill Droichid) er den største byen på Irland med ei hovudgate og i nærleiken ligg Straffan med ein golfbane som var vertskap for Ryder Cup i 2006.
I Monasterevin (Mainistir Éimhín) ligg Moore kloster frå 500-talet, som vart grunnlagd av St. Evin.
Byar og landsabyar i Kildare Byar Athy Leixlip Newbridge Naas
Maynooth (10 000 innb.) og Celbridge (20 000 innb.) har begge søkt om bystatus.
Store landsbyar Allen, Allenwood, Ardclough Ballitore, Ballymore Eustace, Ballynadrumny Calverstown, Caragh, Carbury, Castledermot, Celbridge, Clane, Coill Dubh Eadestown Hawkfield Kilcock, Kilcullen, Kildare, Kildangan, Kill, Kilmead, Kilteel Lullymore Maynooth, Milltown, Monasterevin Narraghmore, Newbridge, Nurney Prosperous Rathangan Sallins, Straffan, Suncroft Two-Mile-House
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «County Kildare» frå , den 24. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Grevskap i Republikken Irland