Helge Marcus Ingstad () var ein norsk jurist, forfattar og arkeolog.
Ingstad var fødd i Meråker i Nord-Trøndelag og voks opp i Bergen. Etter å ha utdanna seg til cand. jur. i 1922, arbeidde han som sakførar i Levanger, før han reiste til Canada for å verta pelsjeger. Der levde han i fire år. Boka Pelsjegerliv vart utgjeven i 1931. Boka selde godt og gjorde at han vart vidgjeten.
Etter å ha kartlagt gamle husgrunnar i Canada, fann Ingstad og kona, arkeologen Anne Stine Ingstad, i 1961 restar av viking- busetnad. Busetnaden fann dei på L'Anse aux Meadows på Newfoundland. Med dette var dei dei fyrste til å prova at islandske vikingar hadde funne ein veg over Atlanterhavet til Nord-Amerika. Ingstad og kona rekna med at dei hadde funne busetnaden i Vinland. Vinland var namnet som vart nytta i norrøn tid på det som seinare fekk namnet Nord-Amerika. Vikingane hadde kome til Amerika 500 år før Christopher Colombus og John Cabot.
Ingstad og kona bygde frå 1946 opp ein heim i Holmenkollen i Oslo, der han døydde 101 år gamal. Dei siste åra han levde, arbeidde han med å systematisera ei stor mengd fotografi og lydopptak. Opptaka gjorde han på slutten av 1940-talet medan han budde saman med ein eskimo-stamme i Alaska. Stamma vart kalla Nunamiut. Arbeidet gjorde at ei bok vart utgjeven, Songs of the Nunamiut. Ein CD med lydopptak fylgde med boka.
Ingstad var æresmedlem av Videnskabsakademiet, æresdoktor ved Universitetet i Oslo, Memorial University, St. Johns, Newfoundland og ved St. Olaf College i Minnesota. Han var i tillegg innehavar av kommandørkorset av St. Olavs orden, riddar av Vasaordenen og hadde Røde Kors sitt heidersteikn for innsatsen sin i Finnmark under den andre verdskrigen.
I 1986 vart Ingstad tildelt Norsk kulturråds ærespris.
Karriere Pelsjeger i Canada (1926–30) Sysselmann i Eirik Raudes Land, dei norskokkuperte områda aust på Grønland (1932-33). Sjå òg Grønlandssaka. Sysselmann på Svalbard (1933-35) Ekspedisjon til Sierra Madre-fjella i New Mexico på jakt etter Geronimo sin tapte stamme av apachefolk (1936-37) Domar under det norske landssvikoppgjeret (1945-47) Overvintra med innlandseskimoane Nunamiut i det nordlege Alaska (1949-50) Forskingsreise til Grønland (1953) Fann viktige spor etter norrøn busetnad frå vikingtida på Newfoundland (1960-åra) Utgravinga i Canada vart leia av kona, Anne Stine Ingstad Utnemnd til statsstipendiat i 1970.
Minne
mini|Minnesmerket over Anne Stine og Helge Ingstad. Det er sett opp ei byste av Anne Stine og Helge Ingstad ved Vikingskipmuseet på Bygdøy.
Verkliste Pelsjegerliv (1931) Engelsk omsetjing: The Land of Feast and Famine Øst for den store bre (1935) Apache-indianerne. Jakten på den tapte stamme (1939) Klondyke Bill (1941) Siste båt (framført på teater i 1946) Landet med de kalde kyster (1948) Nunamiut - blant Alaskas innlands-eskimoer (1951) Landet under Leidarstjernen (1959) Vesterveg til Vinland (1965) The Norse Discovery of America (1985) Nunamiut Stories (1987) The Viking Discovery of America (1991) Ingstad, Helge; Groven, Eivind (transcriptions); Tveit, Sigvald (red.) (1998). Songs of the Nunamiut. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 82-518-3778-2.
kategori:Norske arkeologar Kategori:Norske sakprosaforfattarar kategori:norske juristar kategori:Statsstipendiatar kategori:St. Olavs Orden kategori:Folk frå Meråker Kategori:Sysselmenn på Svalbard Kategori:Vinnarar av Norsk kulturråds ærespris