Dent d'Hérens er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 171 meter over havet.

Fjellet vart først klatra 12. august 1863 av Florence Grove, William Edward Hall, Reginald Somerled Macdonald, Montagu Woodmass, Melchior Anderegg, Jean-Pierre Cachat og Peter Perren. Berre dagar før hadde Edward Whymper, Jean Antoine Carrel og Luc Meynet prøvd å nå toppen, men valde ei rute med laus stein og måtte snu. Første gong fjellet vart klatra om vinteren av 16. januar 1910 av M. Piacenza, J.J. Carrell og G.B. Pellisier.

Den 1300 meter høge nordveggen vart først utforska av George Finch, T.G.B. Forster og R. Peto 2. august 1923.

Aostahytta på 2 781 meter over havet vert nytta som utgangspunkt for den vanlege ruta til toppen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dent d'Hérens» frå , den 13. november 2007.

Bakgrunnsstoff Dent d'Hérens på SummitPost Normalrute frå Aostahytta

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais Kategori:Fjell i Aostadalen Kategori:Internasjonale fjell i Europa