Zumsteinspitze (italiensk Punta Zumstein) er eit fjell i Monte Rosa-massivet i Wallis-Alpane i Italia og Sveits med ei høgd på 4 563 meter over havet. Det ligg mellom Dufourspitze (forbunde via Grenzsattel i mellom) og Signalkuppe (forbunde via Colle Gnifetti).

Fjellet er kalla opp etter Joseph Zumstein, ein skoginspektør frå Valsesia, som var første til å klatre fjellet i lag med eit stort lag 1. august 1820. Dette vart første fjelltoppen i Monte Rosa som vart klatra. Første gong fjellet vart klatra om vinteren var 30. mars 1902 av E. Allegra.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zumsteinspitze» frå , den 14. november 2007. oppgav desse kjeldene: Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994 Collomb, Robin G., (ed.), Pennine Alps Central, London: Alpine Club, 1975

Bakgrunnsstoff Zumsteinspitze på SummitPost

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais Kategori:Fjell i Piemonte Kategori:Internasjonale fjell i Europa