Gerda Ring () var ein norsk skodespelar og instruktør. Ho debuterte i 1911 i København, og var knytt til Nationaltheatret i Oslo frå 1912 til 1961. Gerda Ring var blant grunnleggarane og medlemmene av Det Norske Akademi.
Ho var gift med skodespelaren og teaterinstruktøren Halfdan Christensen (1873-1950) og mor til Pelle Christensen (1923-1995) og Bab Christensen (1928-2017), gift med Lasse Kolstad (1922-2012). Gerda var dotter av Thorvald Kirsebom (1856-1911) og forfattaren Barbra Ring (1870-1955).
Prisar og utmerkingar I 1956 vart Ring utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Ho var også riddar av den svenske Nordstjerneorden, innehavar av Kongens fortenestemedalje i gull og den svenske medaljen Litteris et Artibus.
I 1949/50 fekk ho Teaterkritikarprisen for instruksjonen av Jean Paul Sartres Skitne hender på Nationaltheatret.
Kjelder
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Litteris et Artibus Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Oslo