STS-51-L er namnet på ei romferd med den amerikanske romferja Challenger. Det var den 25. ferda i det amerikanske romferjeprogrammet og den tiande oppskytinga med romferja Challenger. Dette var første gong ein sivilist fekk reise med romferjene. Christa McAuliffe kom frå teacher in space-programmet og skulle driva undervising ute frå verdsrommet.

På denne ferda var det og meininga å utplassere to satellittar: kommunikasjonssatellitten TDRS-2 og SPARTAN-203, som skulle utføyre ultrafiolette observasjonar av Halleys komet. Det var og andre eksperiment planlagde for denne turen.

mini|left|Romferja Challenger ekploderte under romferd STS-51-L. Romferja eksploderte eit minutt og 13 sekundar etter oppskyting. Alle dei 7 astronautane om bord omkom. Seinare fann ein at ulykka skuldast ein sviktande o-ring i den høgre bereraketten.

Før ferda hadde Ronald «Ron» McNair arbeidd saman med den franske komponisten Jean Michel Jarre om eit stykke kalla «Rendez-vous VI». McNair hadde tatt med seg ein saksofon for å spele inn det første musikkstykket i verdsrommet. Etter katastrofen døypte Jarre om stykket til «Ron's Piece».

Bakgrunnsstoff NASA Mission Archives:STS-51-L Report of the PRESIDENTIAL COMMISSION on the Space Shuttle Challenger Accident Science@NASA:The Spartan spacecraft

STS-051-L Kategori:Romfartsulykker Kategori:Romutforsking i 1986