Alphen aan den Rijn er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zuid-Holland med om lag 115 000 innbyggjarar. Han ligg mellom byane Leiden og Utrecht ved elva Oude Rijn (Gamle Rhinen), der elva Gouwe forgreinar seg. Ruinane av ei gammal romersk festning ligg i byen.
Kommunen Alphen aan den Rijn inkluderer òg tettstadane Aarlanderveen og Zwammerdam. Byen ligg i det som vert kalla «det grøne hjartet» av Nederland, som er eit noko mindre folkesett område i storbyområdet Randstad.
Namnet Alphen kjem truleg frå den gamle romerske festninga Albanianae, som tyder «busetnaden ved det kvite vatnet».
Den 9. april 2011 skaut 24 år nederlandske Tristan van der Vlis inne på kjøpesenteret Ridderhof og drap 6 personar i tillegg til seg sjølv.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Alphen aan den Rijn» frå , den 20. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Zuid-Holland Kategori:Byar i Zuid-Holland