Nieuwegein er ein kommune og by i Nederland i provinsen Utrecht med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 7 km sør for byen Utrecht og grensar til elva Lek i sør. På andre sida av elva ligg Vianen, i vest IJsselstein og i aust Houten.

Nieuwegein vart grunnlagd 1. juli 1971 då dei tidlegare kommunane Jutphaas og Vreeswijk vart slått saman.

I og rundt Nieuwegein ligg kanalane Amsterdam-Rijnkanaal og Merwedekanaal.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nieuwegein» frå , den 20. februar 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar i Utrecht Kategori:Byar i Utrecht