mini|Frå norddelen av Sørfjorden, med utsyn retning sør Sørfjorden er ein 38 kilometer lang sidefjord av Hardangerfjorden i Hardanger i Vestland fylke. Fjorden strekkjer seg frå der Utnefjorden deler seg i Sørfjorden og Eidfjorden og sør til Odda.

Fjorden har innløp mellom Trones i nordvest, rett sør for Utne, og Kyrkjenes i søraust, rett nord for Kinsarvik. Ved innløpet stikk Kinsarvikbukti sørover til Kinsarvik og frå her går det ferje nordover til Utne og Kvanndal i Granvin lenger nord.

mini|venstre|Sørfjorden i Hardanger og Sørfjorden ved Osterøy mini|Odda ligg inst i Sørfjorden. (Foto: Gunleiv Hadland) Langs fjorden finn ein på vestsida frå nord til sør Grimo, Jåstad, Aga og Agatunet, Syreflot, Vikebygd med Bleie og Nå, Eitrheim og Tokheim. Mellom Eitrheim og Tokheim ligg industriområdet Norzink. På austsida av fjorden ligg mellom anna Kinsarvik, Lutro, Lofthus, Børve, Sekse, Segelgjerd, Fresvik, Hovland og Tyssedal. Inst i fjorden finn ein Odda sentrum.

Kategori:Fjordar i Ullensvang Kategori:Hardanger