Sandhornøya er den største øya i Gildeskål kommune i Nordland fylke. Øya er 103,3 km² og er dominert av fjellet Sandhornet som når 994 moh. Ved Mårnes ligg eit større kvartsittbrot. Det er brusamband til Kjøpstad på fastlandet og ferjesamband til Sørarnøy og Sund. Postnummeret til øya er 8130 SANDHORNØY.

Ved Våg ligg Blixgarden, der salmediktaren Elias Blix voks opp. Her er det også butikk, og Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen kan få anløp av Våg.

mini|venstre|Sandhornøya sett frå vest Bakgrunnsstoff Video - Sandhornøy/Sandvika

Kategori:Øyar i Nordland Kategori:Geografi i Gildeskål