Karatsjajevo-Tsjerkessia er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tsjerkessk, arealet er 14 100 km² og innbyggjartalet 465 357 (2021).
Folkesetnad Den einaste større byen er Tsjerkessk med 116 300 ibuarar.
Folkesetnaden i republikken er etnisk samansett. Karatsjaiar og tsjerkessarar utgjer til saman om lag halvparten av folket. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:"Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Karatsjaiar: 40,7 % Russarar: 31,4 % Tsjerkessarar: 11,8 % Abazinar: 7,7 % Nogaiar: 3,3 %
Delen russarar har gått markert ned sidan oppløysinga av Sovjetunionen, frå 42,4 % i 1989. I 2006 vart det oppretta ein eigen abazinsk rajon (kommune) i republikken, etter ei folkerøysting, og i 2007 vart det òg oppretta ein eigen nogaiisk rajon.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske føderasjonssubjekt Kategori:Republikkar i Russland