mini|høgre|Innsprøytingspumpe til dieselmotor (Bosch). Innsprøytingsmotor er ein stempelmotorar med innvendig forbrenning som syg inn luft i sylindrar og drivstoffet vert sprøyta inn gjennom ei dyse. Det finst ulike typar innsprøytingsmotorar:
Direkteinnsprøyting Glødehovudmotorar, som vart oppfunnen av Herbert Akroyd Stuart, som tok ut det fyrste patentet på han i 1885 og laga den fyrste prototypen i1886. Glødehovudmotorar går på råolje, som vert sprøyta inn i eit kammer under kompresjonstakta, lenge før stemplet når øvre daudpunkt. Glødehovudmotorar har låg kompresjon og tenninga forgår ved at drivstoffet vert sprøyta mot veggane i eit glødekanner i sylindertoppen, som ikkje er avkjølt og difor vert raudglødande. Glødehovudmotorar, vart nytta fram til 1950-talet og var som oftast totaktsmotorar. Dieselmotorar, som vart oppfunnen av Rudolf Diesel, som tok patent på han i 1892. Dieselmotorar har så høg kompresjon drivstoffet sjølvtenner det vert sprøyta inn. Små og middels store dieselmotorar er vanlegvis firetaktsmotorar, medan dei fleste stor dieselmotorar er totaktsmotorar. Hesselmanmotorar går på råolje og nyttar elektrisk tenning. Bensinmotorar med direkteinnsprøyting i forbrenningsrommet nyttar elektrisk tenning.
Indirekte innsprøyting (manifoldinnsprøyting) Bensinmotorar med manifoldinnsprøyting nyttar elektrisk tenning..
Kategori:Forbrenningsmotorar