20000 Varuna (overgangsnamn ; symbol: ) er eit stort klassisk kuiperbelte-objekt. Objektet har ein estimert diameter på 800–1000 km og blei oppdaga 28. november 2000 av Spacewatch-prosjektet. Dersom det viser seg at Varuna er sfærisk forma vil objektet få dvergplanetstatus.
Namn Varuna er kalla opp etter den vediske guden Varuna. Han herska over havet og vatna i himmelen, og er blitt likna med Poseidon og Neptun.
Fysiske karakteristikkar
Varuna har ein rotasjonsperiod på omtrent 3,17 timar (6,34 timar dersom lyskurva har dobbelt maksimum). Gitt den hurtige rotasjonen, som er sjeldsynt for så store objekt, er Varuna kanskje noko avlang i forma. Seinare har eit endå større og avlangt objekt, 136108 Haumea, blitt funne; dette òg i kuiperbeltet.D. L. Rabinowitz, K. M. Barkume, M. E. Brown, H. G. Roe, M. Schwartz, S. W. Tourtellotte, C. A. Trujillo (2005), Photometric Observations Constraining the Size, Shape, and Albedo of , a Rapidly Rotating, Pluto-Sized Object in the Kuiper Belt, The Astrophysical Journal (2006), 639, Utgåve 2, pp. 1238-1251 Preprint (pdf)
Overflata til Varuna er moderat raudleg (lik 50000 Quaoar si), men er uvanleg mørk samanlikna med andre klassiske kuiperbelte-objekt (albedoen er mindre enn 0,04). Dette tyder på at det finst lite is på overflata. Likevel har ein identifisert små mengder vassis der.
Bane
mini|200px|venstre|Banane til Varuna (blå), Pluto (raud) og Neptun (grå)
Varuna er klassifisert som eit klassisk kuiperbelte-objekt og følgjer ein nestensirkulær bane med ein store halvakse på omtrent 43 AE; lik Quaoar, men med ei større banehelling. Omløpstida er òg lik Quaoar si og er på 283 jordår.
Ved 43 AE og med ein nær sirkulær bane blir ikkje Varuna påverka i noko særleg grad av Neptun; i motsetnad til Pluto som har ein 2:3 baneresonans med planeten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «20000 Varuna» frå , den 26. april 2008. Fotnotar
Kategori:Transneptunske objekt Kategori:Himmellekamar oppdaga i 2000