mini|Pfarrkirche St. Rufus i Niedaltdorf i Tyskland. mini|Interiør av Sjögestadkyrkan i Linköping i Sverige. Vi ser preikestolen ved venstre vegg og altertavla inst i kyrkjerommet.

Ei kyrkje er eit vigsla sakralbygg for kristne gudstenester, bøn og andre rituelle handlingar.

Ordet kyrkje kjem opphavleg frå gresk kyriakon (κυριακον), 'huset åt Herren'. Men ordet kan òg vera ei omsetjing av ekklesia (ἐκκλησία), 'folkesamling'. Dermed kan kyrkje både visa til huset kristne samlar seg i, og til sjølve kyrkjelyden.

Med ordet «kyrkje» reknar ein i Noreg etter Lov av 7. juni 1996 nr 31 om Den norske kirke, § 31, soknekyrkje eller kapell som er godkjent av Kongen eller departementet, eller som har vore kyrkje frå gammalt av. Det skal vere kyrkje i kvart sokn. Kyrkjene er soknet sin eigedom, om ikkje anna følgjer av særskild rettsgrunnlag. Desse kyrkjene vert forvalta av kyrkjeleg fellesråd. Det er eit kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune.

Historie Dei eldste kyrkjene oppstod i kristne heimar. Fleire kyrkjer i Roma og andre stader i dei første kristne områda var huskyrkjer og utvikla seg etter kvart til fellesrom for heile den truande forsamlinga. Dei første kristne kombinerte også sin kristne kult med den jødiske ved at dei var til stades ved gudstenestene i synagogane, der dei lytta til lesing frå Bibelen og song lovsongar. Deretter gjekk dei heim og feira eukaristien, eller nattverden. Gudstenesta i dei store kyrkjesamfunna har framleis denne hovudstrukturen: 1. Skriftlesing og lovsong, og 2. eukaristi eller nattverdmåltid med brød og vin. Bygg reist spesielt for kristne finn ein få døme på frå tida før Milanoediktet i 313.

Kyrkjetypar Kyrkjer finst i mange arkitektoniske former, men gjennom historia er det etablert visse hovudformer som går igjen. Det vanlegaste er å dele inn etter plantype (arkitektonisk form) og rang/funksjon. Det er gamal skikk å plassere kyrkjene i ein akse frå vest til aust, med hovudinngang i vest (der sola går ned) og alter i aust (mot soloppgangen og Jerusalem og der Jesus Kristus ved tidas ende skal komme igjen.)

Rang og funksjon Kyrkjer blir delt inn etter sin opphavlege funksjon: klosterkyrkjer, soknekyrkjer og privatkyrkjer.* Undergrupper under dette er annekskyrkjer, lovekyrkjer (votivkyrkjer) og kapell. Ei votivkyrkje var ofte bygd som ei privatkyrkje.

Soknekyrkjer mini|Rønvik kyrkje i Bodø er soknekyrkje for Rønvik. Ei soknekyrkje er primærkyrkja i eit sokn, altså den kyrkja kyrkjelyden i eit distrikt normalt soknar til. Kvart sokn har derfor alltid ei soknekyrkje, men soknepresten kan fungere i fleire sokn samstundes. Hovudsoknets kyrkje blir då kalla hovudkyrke, medan dei andre soknekyrkjene er annekskyrkjer. Eit kyrkjesokn kunne tidlegare ha meir enn ei kyrkje, men berre ei soknekyrkje - den eller dei andre hadde då status som kapell. Etter Kyrkjelova frå 1997 er nemninga kapell gått ut av bruk for kyrkjebygg som det høyrer ein geografisk definert lokalkyrkjelyd til. Ein del kapell er dermed oppgradert til kyrkje. Kapell gjeld etter dette berre eit mindre kyrkjebygg med spesialiserte funksjonar til dømes bårekapell, gravkapell eller meditasjonskapell.

I Noreg høyrer alle medlemmer av Den norske kyrkja til den geografiske kyrkjelyden der dei bur og har sin kyrkjelege røysterett knytt til denne. Til dømes i Danmark er det løyve til å skipe ein «valkyrkjelyd» der ein kan melde seg inn uavhengig av geografisk tilknyting.

Dei fleste domkyrkjer er soknekyrkjer i tillegg til å vere sete for biskopen.

Det er uvisst når soknekyrkjeordninga vart innført i Noreg. Dei første fylkes- og hovudkyrkjene reist på 1000-talet var truleg soknekyrkjer for eit definert geografisk område. Etter innføringa av tiendeskatten på 1100-talet må soknegrensene ha vore fastlagte og soknekyrkjenettet i hovudtrekk etablert. I England er parallellen parish church, som vart utvikla før år 1000. mini|Den åttekanta koravslutninga i Voll kyrkje. Soknekyrkja vart ofte utforma som ei langkyrkje. Dei første kyrkjene vart som regel bygd med kor og skip i same breidde. Etter kvart vart koret skilt frå hovudskipet, det vart større og lengre og meir avgrensa frå resten av bygningskroppen. Korvindauga vart gjort større og det vart fleire av slik at alteret fekk meir ljos. Koret kunne vere avslutta tvert, ofte med ei rad vindauge, forma som apsis eller oktogon. Apside eller apsis er ei halvsirkelforma avslutning på kortilbygget, som i Gamle Aker kyrkje, medan oktogon er ei åttekanta eller halvt åttekanta avslutning som i Voll kyrkje i Måndalen.

Mange eldre kyrkjer, både mellomalderkyrkjer og kyrkjer oppført etter reformasjonen, vart bygd om og utvida på 1800-talet, etter at kyrkjelova frå 1851 avgjorde at ei soknekyrkje skulle ha plass til minst tre tidelar av folketalet i soknet. Ved ombygginga kunne ei opphavleg langkyrkje få krossarmar eller langskipet kunne bli forlenga. Ei rad mellomalderkyrkjer vart bygd om og utvida på 1700-talet, og framstår i dag meir som barokk- eller renessansekyrkjer med rikt dekorert interiør. Døme på dette er Holt kyrkje og Dypvåg kyrkje i Tvedestrand og fleire andre kyrkjer på Sørlandet. Ei rad trekyrkjer i nygotisk stil vart oppført på 1800-talet, oftast som langkyrkjer.

Privatkyrkjer

Privatkyrkjer var vanleg i mellomalderen, og vart på norsk også kalla høgendeskyrkjer (av «høgjende» eller «høyende» = sitjepute eller hovudpute)Aasen, Ivar (1850): Ordbog over det norske Folkesprog. Kristiania: Carl C. Werner Comp. knytt til store gardar og herresete, men som ofte også vart brukt som soknekyrkjer. Ein del soknekyrkjer hadde også private kapell i ein etasje over koret. I Europa var det i tillegg til reine privatkyrkjer ein type stormannskyrkjer med private kapell, kalla dobbelkyrkjer.

Døme på tidlegare private kyrkjer er Hove kyrkje i Vik i Sogn og Giske kyrkje på Sunnmøre.

I Noreg er det tre private kyrkjer: Gamlebyen kyrkje i Oslo, som tilhøyrer stiftelsen Oslo hospital og blir leigd ut til Oslo kirkelige fellesråd. Det same gjeld Lovisenberg kyrkje i Oslo, som Diakonissehuset eig, og Løkken kyrkje i Meldal kommune i Sør-Trøndelag.

Katedral Katedral er det same som ei domkyrkje eller biskopkyrkje, det vil seie hovudkyrkja i eit bispedømme der biskopen har sitt sete. Ordet katedral skriv seg frå gresk «καθέδρα» via latin cathedra, som tyder «trone» eller «stol» - det siktar til biskopens lærestol, symbolet på biskopens embete. Bispestolen finst også som ein fysisk stol i koret i domkyrkjene. Ordet katedral blir på norsk også nytta nytta om kyrkjer av særleg monumentale dimensjonar, til dømes Ishavskatedralen i Tromsø. Innanfor den katolske kyrkja og andre kyrkjesamfunn som den anglikanske høyrer eit domkapittel til domkyrkja. Domkapittelet er eit ordensliknande fellesskap av prestar knytt til domkyrkja, men uten å høyre til ein klosterorden. Domkapittelet omfattar då prestar, kalla kannikar, med leiarfunksjonar i biskopens administrasjon. Leiaren for domkapittelet blir kalla dekan. I Svenska Kyrkan tyder domkapittel det same som bispedømmeadministrasjonen. Enkelte større kyrkjer kan etter sedvane ha knytt til seg eit kapittel uten at kyrkja har rang som domkyrkje eller katedral, slike kyrkjer blir kalla kapittelkyrkjer. Domkapittel finst ikkje innanfor den norske kyrkja.

Lovekyrkje Lovekyrkjer, også kalla gåvekyrkjer eller votivkyrkjer, er kyrkjer som har basert drifta på gåver (kyrkjer som er gitt lovnader, gjerne i takksemd eller i samband med bønn i naud eller sorg). Slike kyrkjer, som gjerne var små, var tidlegare ganske vanlege i Noreg, heilt frå mellomalderen. Desse kyrkjene var ofte bygd som privatkyrkjer. Bønsnes kyrkje på Røyse i Hole kommune er døme på lovekyrkje. Votivgåver var viktig for Røldal stavkyrkje som hadde ei rad gjenstandar kjøpt for gåver.

Inndeling etter plantype mini|Den første Peterskyrkja var utforma som ein basilika Kyrkjene har ulike plantypar som i hovudtrekk har vore relativt konstant gjennom det meste av historia.

Basilika Basilika er den eldste plantypen og har sitt arkitektoniske førebilete i førkristne offentlege bygningar i det gamle Roma. Den utvikla seg tidleg som typisk for dei kristne gudshus. Basilikaen har eit høgt midtskip flankert av to lågare og mindre sideskip. Denne tredelinga med søylerekker (arkadar) som markerer overgangen mellom skipa, er det mest typiske for basilikaforma. Ei kyrkje med basilikaform er eit langstrakt bygg, men skil seg frå den enkle norske langkyrkja ved at ein basilika er treskip og har midtskip som er høgare enn sideskipa. Dei lavare sideskipa gjev plass til vindauge i eit klerestorium slik at meir lys kjem inn i midtskipet og det indre av kyrkja. Basilikaforma finn ein hovudsakleg i store steinkyrkjer, men stavkyrkjer med heva midtrom (type B) har likhetstrekk med basilika. «Det er den mangesøilede basilika overført til træ. Her er ligefrem imitation,» skreiv Harry Fett om Urnes stavkyrkje.Fett, Harry (1909): Norges kirker i middelalderen. Kristiania: Norsk folkemuseum. Sjølv om det er slik likskap med basilikaforma er det uklart om stavkyrkjer av type B er ein slag basilika («basilikateorien») eller om desse stavkyrkjene er ei vidareutvikling av førkristent sentralbygg.Storsletten, Ola (1995): Borgund stavkirke. Oslo: Fortidsminneforeningen.

Trass skiftande arkitektoniske stilartar har basilikaforma blitt vidareført og etablert som den vanlegaste og mest typiske grunnforma innan kyrkjearkitekturen. Dei store romanske og gotiske kyrkjene vart oppført som basilikaer. Eit typisk døme er den romanske Durhamkatedralen.

I Noreg vart Nidarosdomen og katedralane i Oslo, Hamar (øydelagt 1567), Stavanger og på Orknøyane reist som basilikaer. Fleire kyrkjer på Austlandet har eller hadde også basilikaform: Gamle Aker kyrkje, Hoff kyrkje på Toten, Ringsaker kyrkje og Nikolaikyrkja på Gran. Mariakyrkja i Bergen er også ein basilika. Tjølling kyrkje i Vestfold vart reist med basilikaform (sterkt ombygd kring 1760).Ekroll, Øystein (1997): Med kleber og kalk: norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget St. Hallvardskyrkja i Oslo, St. Albanus kyrkja i Selje kloster og enkelte andre tapte kyrkje har truleg også hatt basilikaform.Dietrichson, Lorentz (1906): Vore Fædres Verk: Norges Kunst i Middelalderen - en populær Fremstilling. Kristiania: Gyldendal På 1800-talet vart basilikaforma gjenopptatt i historistiske kyrkjer. Buksnes kyrkje i Lofoten er reist som basilika og med dragestil, den minner om ei stavkyrkje.«Buksnes kirke», Arkitekturguiden, Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, Institutt for kultur og litteratur/Universitetsbiblioteket i Tromsø Av nyare norske kyrkjer er Steinkjer kyrkje og Bodø Domkyrkje utforma etter ein klassisk basilikal plantype.

Når det gjeld den katolske kyrkja og dei ortodokse kyrkjene er nemninga basilika ikkje alltid berre avgrensa til slike kyrkjebygningar som er reist etter den gamle, basilikale planløysinga. Nemninga kan òg verte nytta om slike kyrkjebygningar som ein keisar har fått bygd, og om kyrkjebygningar som paven ved særlege vedtak har gjeve nemninga basilika på grunn av at bygningen har funksjon som pilegrimskyrkje. Innanfor den katolske kyrkja blir nemninga basilika nytta om kyrkjer med særleg høg status.

Sentralkyrkje mini|150px|Grunnplan for sentralkyrkja San Vitale i Ravenna.

Ei sentralkyrkje er ei kyrkjeform med sentralplan, altså eit grunnplan som er symmetrisk til alle sider omkring ein vertikal akse. Desse kan vere sirkulære, kvadratiske, oktogonale (åttekanta) eller liknande.Christie, Håkon (1991): Kirkebygging i Norge i 1600- og 1700-årene. Årbok for Fortidsminneforeningen, årgang 145, s. 177-194. Ein rotunde har også sentralplan. Døme på sentralkyrkjer er San Vitale i Ravenna og Trefoldighetskyrkja i Oslo. Kor, apsider inngangsparti (våpenhus) kan vere integrert, men er ofte i tilbygg som bryt med symmetrien i grunnplanet.Toman, Ralf (2000): Romansk kunst: arkitektur, skulptur, malerkunst. Köln: Könemann (dansk omsetjing).