mini|portrett=1.2|Sør-Preussen (Südpreussen) og departementa Posen, Kalisch og Warschau, 1801-1807. Sør-Preussen (tysk Südpreußen; polsk Prusy Południowe) var ein provins i Kongedømet Preussen frå 1793 til 1807. Det vart oppretta frå dei annekterte områda etter den andre delinga av Polen og inkluderte regionane Stor-Polen og Masovia. Hovudstaden i provinsen var Warszawa, som vart lagt til i 1795 etter den tredje delinga. Han vart derimot administrert av Generaldirektoratet (General-Direktorium) i Berlin. I 1806 hadde provinsen 1 503 508 innbyggjarar.

Sør-Preussen utgjorde områda mellom prøyssisk Schlesien, distriktet Netze og elvane Wisła og Pilica. Det var vidare delt inn i Kammerdepartement Posen (Poznań), Kalisch (Kalisz) og Warschau (Warszawa).

Tyske kolonistar vart invitert til å slå seg ned i provinsen. Dei som slo seg ned i adelshusa vart kalla Hauländer, medan dei som slo seg ned på kongen sine landområde vart kalla Kolonisten.

Etter Napoleon Bonaparte sin siger i den fjerde koalisjonskrigen og det store polske opprøret i 1806 vart områdde Sør-Preussen ein del av Hertugdømet Warszawa, ein fransk klientstat etter Tilsit-traktatane i 1807. Etter Wienerkongressen i 1815, vart det delt mellom det prøyssiske storhertugdømet Posen og Kongress-Polen, ein del av Det russiske keisardømet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «South Prussia» frå , den 5. juni 2008.

Bakgrunnsstoff FAQ for Posen, Sør-Preussen og Neuostpreussen

Kategori:Storpolske voivodskap Kategori:Masovia Kategori:Provinsar i Preussen