Buzău er ei elv aust i Romania og ei av sideelvane til Siret. Ho har ei lengd på 302 km. Kjelda hennar ligg søraust i Karpatane, aust for Brașov. Buzău renn gjennom dei rumenske fylka Brașov, Covasna, Buzău og Brăila. Ho munnar ut i Siret like før Siret munnar ut i Donau, vest for Galați.
Buzău har gjeve namn til byen Buzău og byen Întorsura Buzăului i Covasna fylke. Întorsura Buzăului (som tyder Buzău-svingen på rumensk) får namnet sitt frå den store svingen som elva gjer her. Ho renn først nordover, men snur så brått søraustover nær byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Buzău River» frå , den 4. juli 2008. oppgav desse kjeldene: Administrația Națională Apelor Române - Cadastrul Apelor - București Institutul de Meteorologie și Hidrologie - Rîurile României - București 1971 ICPA - Comune vulnerabile - județul Brăila Trasee turistice - județul Buzău Trasee turistice - județul Covasna
Kategori:Elvar i Romania Kategori:Brașov fylke Kategori:Covasna fylke Kategori:Buzău fylke Kategori:Brăila fylke