Norane (lokalt Noradn) er ei rekkje bygder i Sogndal kommune i Vestland. Dei ligg på rad og rekkje innover Norafjorden frå Fatlaberget til Stedjeberget. Midt i ligg Uri (steinura) som deler dei utanføre med dei innanføre. Ved folketeljinga i 2001 budde det 645 personar i Norum delområde.SSB: «Folke- og boligtellingen 2001, kommune- og bydelshefter 1420 Sogndal» Bygdene er frå ytst til inst: Ytre og Indre Slinde, Nornes, Ylmeim, Fimreite på sørsida, Ylvisåker, Fardal, Øvstedalen og Øyragrendi.

Norane har ein eigen skule som heiter Norane skule, og har kring 45 elevar fordelt på klassestega 1. til 7.

Norane er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti, men namnet på soknet vert skrive Norum. Soknekyrkja heiter Norum kyrkje og er frå 1863. Ho står på Ylmeim, og fram til ei gong på 1800-talet heitte soknet det same som staden der kyrkja stod.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Norum kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Namnet har hatt ulike skrivemåtar, som Ølmheim, Ylmheim og Ylmeim.

Kjelder

SSB: Kart som viser tettstader, delområde og grunnkrinsar i Sogndal kommune

Bakgrunnsstoff Om Norum sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Kategori:Busetnader i Sogndal Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti Kategori:Bygder i Vestland