Isaac Lee Hayes jr. () var ein USA-amerikansk soulsongar, låtskrivar, skodespelar, produsent og stemmeskodespelar. Hayes var ein av dei største kreative kreftene bak plateselskapet Stax Records, der han var både huskomponist, studiomusikar og produsent, ofte i lag med David Porter, i midten av 1960-åra. Hayes og Porter, i tillegg til Bill Withers, Sherman Brothers, Steve Cropper og John Fogerty vart innlemma i Songwriters Hall of Fame i 2005 for songane dei skreiv for seg sjølv, duoen Sam & Dave, Carla Thomas og andre. Hayes vart òg innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2002.http://rockhall.com/inductees/isaac-hayes/
Hitsongen «Soul Man», skriven av Hayes og Porter og først framført av Sam & Dave, har vorte rekna som ein av dei viktigaste songane dei siste 50 åra av Grammy Hall of Fame. Han vart òg æra av The Rock and Roll Hall of Fame, av magasinet Rolling Stone og av Recording Industry Association of America (RIAA) som ein av «Århundrets songar». Seint i 1960-åra byrja Hayes karrieren som plateartist. Han hadde fleire suksessrike soulalbum som Hot Buttered Soul (1969) og Black Moses (1971). I tillegg arbeidet med popmusikken, skreiv Hayes filmmusikk.
Han var kjend for musikken til filmen Shaft (1971). For «Theme from Shaft» fekk han Oscarprisen for beste originale song i 1972. Han vart den tredje afroamerikanaren, etter Sidney Poitier og Hattie McDaniel, som vann ein Oscarstatuett. Han vann òg to Grammyprisar for songen same året. Seinare fekk han ein tredje Grammy for albumet Black Moses.
I 1992 vart han krona til æreskonge over Ada i Ghana for det humanitære arbeidet sitt. Han spelte i mange filmar og fjernsynsseriar, som filmane Truck Turner og I'm Gonna Git You Sucka, og som Gandolf «Gandy» Fitch i TV-serien The Rockford Files (1974–1980). Frå 1997 til 2006 hadde han stemma til karakteren Chef i den animerte TV-serien South Park. Han var inspirert av Percy Mayfield, Big Joe Turner, James Brown, Jerry Butler, Sam Cooke, Fats Domino, Marvin Gaye, Otis Redding, og psykedeliske soulgrupper som The Chambers Brothers og Sly and the Family Stone.
5. august 2003 vart Hayes æra med eit BMI-ikon på under BMI Urban Awards i 2003 for det musikalske arbeidet sitt. Gjennom låtskrivarkarrieren har Hayes fått fem BMI R&B Awards, to BMI Pop Awards og to BMI Urban Awards. Då han døydde i 2008 hadde songane hans vorte framført 12 millionar gonger.
Liv
Tidleg liv
Isaac Hayes jr. vart fødd i Covington i Tennessee i Tipton County. Han var det andre barnet til Eula (fødd Wade) og Isaac Hayes den eldre.Isaac Hayes Biography (1942-)
Mora døydde ung og faren forlet familien, så Isaac den yngre voks opp hos besteforeldrene på morssida, Mr. and Mrs. Willie Wade, Sr. Han var eit barn av ein forpaktarfamilien og voks opp med å arbeide på gardar i Shelby County i Tennessee og i Tipton County. fem år gammal byrja Hayes å syngje i den lokale kyrkja. Han lærte seg sjølv å spele piano, hammondorgel, fløyte og saksofon.
Hayes droppa ut av vidaregåande skule, men den tidlegare læraren hans på Manassas High School i Memphis oppfordra han til å fullføre, noko han gjorde 21 år gammal. Etter han var ferdig med vidaregåande, fekk Hayes tilbodet om fleire musikkstipend frå høgsuklar og universitet. Han takka nei til alle for å forsørgje familien og tok arbeid på ein kjøtfabrikk i Memphis på dagtid, og spelte på nattklubbar og juke joints fleire kveldar i veka i Memphis og det nordlege Mississippi.
Dei første profesjonelle konsertane til Hayes, seint i 1950-åra, var som songar på Curry's Club i Nord-Memphis, akkompagnert av husbandet til Ben Branch.Bowman, Rob Soulsville, U.S.A.: the story of Stax Records Music Sales Group, 2003 ISBN 0-8256-7284-8 ISBN 978-0-8256-7284-2 at Google Books
Karriere
Stax Records og Shaft Hayes byrja platekarrieren sin tidleg i 1960-åra, som studiomusikar for forskjellige artistar på det Memphis-baserte Stax Records. Han skreiv seinare ei rekkje hittar med låtskrivar-partnaren David Porter, som «You Don't Know Like I Know», «Soul Man», «When Something Is Wrong with My Baby» og «Hold On, I'm Comin'» for Sam & Dave. Hayes, Porter og studiobandet til Stax, Booker T. & the M.G.'s, var òg produsentar for Sam & Dave, Carla Thomas og andre artistar på Stax i midten av 1960-åra. Hayes-Porter medverka til Stax-stilen som vart kjend på denne tida, og Sam & Dave takka Hayes for ha vore med å utvikle musikken og stilen deira. I 1968 gav Hayes ut debutalbumet sitt, Presenting Isaac Hayes, eit jazz-aktig, hovudsakleg improvisert album som selde dårleg."Ultimate Isaac Hayes (Can You Dig It?), Audio". Contactmusic.com. Henta 4. august 2016.
Det neste albumet var Hot Buttered Soul, som kom ut i 1969 ette Stax hadde gått gjennom stor uro. Selskapet hadde mista den største stjerna si, Otis Redding, i ein flystyrt i desember 1967. Stax mista heile katalogen sin til Atlantic Records i mai 1968. Som følgje av dette bad visedirektøren i Stax, Al Bell, om få ferdig 27 nye album innan midten av 1969. Hot Buttered Soul vart den største suksessen av desse. Albumet er kjend for biletet av ein skalla Hayes på framsida med gullsmykke og solbriller. Musikken har ein særeigen stil med lange orkesterdominerte songar, mykje orgel, blåsara, gitarar og djupbassvokal. Hayes tolka «Walk On By» (som vart gjort kjent av Dionne Warwick) til ein 12 minuttar lang song. «By the Time I Get to Phoenix» startar med ein åtte minuttar lang monolog før sjølve songen startar. Det einaste originale nummeret, den funky «Hyperbolicsyllabicsesquedalymistic» er nesten ti minuttar lang, eit ganske langt steg bort frå standard tre minuttar lange soul- og popsongar.
«Walk On By» vart den første av amnge Burt Bacharach-songar som Hayes kom til å spele, ofte songar gjort kjende av Dionne Warwick eller Dusty Springfield. Hayes omforma dei til sjelfulle, lange og nesten gospelaktige nummer.
I 1970 gav Hayes ut to album, The Isaac Hayes Movement og To Be Continued. Det første heldt seg til fire songar-formatet frå det førre albumet. Jerry Butler sin «I Stand Accused» byrjar med ein talt monolog, som vart eit varemerke for Hayes, og Bacharach sin «I Just Don't Know What to Do with Myself» vart omarbeidd. Sistnemnde gav klassikaren «The Look of Love», ein annan Bacharach-song som vart omgjort til ein 11 minuttar episk song. Ein forkorta, tre minuttar lang versjon vart gjeve ut på singel. Albumet inneheld ein instrumental, «Ike's Mood» som glei over i hans eigen versjon av «You've Lost That Loving Feeling». Hayes gav ut ein julesingel, «The Mistletoe and Me» (med «Winter Snow» som B-side).
Tidleg i 1971 skreiv Hayes musikken til blaxploitation-filmen Shaft. Hayes hadde ei lita rolle i filmen som bartenden på No Name Bar. Hovudtemaet frå filmen, med wah-wah-gitar og symfonisk arrangement, vart ein hit verda over og låt to veker på toppen av Billboard Hot 100 i november det året. Resten av albumet var hovudsakleg instrumentalar som dekka alt frå storbandjazz, bluesaktig funk og hard Stax-aktig soul. Dei to andre vokal songane, samfunnskommentaren «Soulsville» og den 19 minuttar lange jammen «Do Your Thing», vart korta ned til hitsinglar.Isaac Hayes Diskografi. The Stax Site. Retrieved 4. august 2016. Hayes vann Oscarprisen for «Theme from Shaft», og vart nominert for beste originale musikk for filmen.
Seinare på året gav Hayes ut dobbeltalbumet Black Moses, som tok musikkstilen hans vidare og inneheldt The Jackson 5-songen «Never Can Say Goodbye». Ein annan singel, «I Can't Help It», var ikkje med på albumet.
I 1972 spelte Hayes inn kjenningsmelodien til fjernsynsserien The Men og fekk ein ny hitsingel (med «Type Thang» som B-side). Han gav ut felire singlar det året, som ikkje kom på album, som «Feel Like Making Love», «If Loving You Is Wrong (I Don't Want to Be Right)» og «Rolling Down a Mountainside». Atlantic gav ut debutalbumet til Hayes på ny det året, med den nye tittelen In The Beginning.MusicStack entries for In the Beginning show that the LP's contents are identical to those of Presenting Isaac Hayes.
Hayes var attende i 1973 med eit kritikarrost dobbelt konsertalbum, Live At Sahara Tahoe, og følgde opp med albumet Joy, med eit 15 minuttar langt tittelspor. Han flytta seg bort frå coverversjonar på dette albumet. Ein nedkorta versjon av «Joy» vart ein hitsingel.[ Isaac Hayes Billboard chart history]. Allmusic.com. Retrieved 4. august 2016.
I 1974 spelte Hayes i blaxploitation-filmane Three Tough Guys og Truck Turner, og han laga musikk til begge filmane. Tough Guys var nesten utan vokal, og temaet til Truck Turner vart gjeve ut som singel. Filmmusikken vart seinare nytta av Quentin Tarantino i Kill Bill-filmane og har vorte nytta i over 30 år som kjenningsmelodi til det brasilianske radioprogrammet Jornal de Esportes på radiostasjonen Jovem Pan.
I motsetnad til mange afroamerikanske musikarar på denne tida, hadde ikkje Hayes afro, og valde i staden å barbere hovudet sitt.
HBS (Hot Buttered Soul Records) og konkurs I 1974 hadde Stax Records store økonomiske problem, som kom av problem med betalingsutsetjingar og avgrensa platesal og distribusjon. Hayes sjølv var i stor gjeld til Union Planters Bank, som administrerte lån for Stax og mange av dei viktigaste tilsette i selskapet. I september det året saksøkte Hayes Stax for 5,3 millionar USD. Sidan Stax var i djup gjeld og ikkje kunne betale, vart det gjort ein avtale mellom selskapet og Hayes og Union Planters: Stax frigav Hayes frå innspelingane hans og produksjonskontraktane, og Union Planters fekk alle inntekene til Hayes for å betale ned gjelda hans. Hayes starta sitt eige selskap, Hot Buttered Soul, og gav ut musikken sin gjennom ABC Records.
Det nye albumet hans, Chocolate Chip frå 1975, bestod av den nye discostilen på tittelsporet og den første singelen. «I Can't Turn Around» vart ein populær song med tida. Dette vart det siste albumet Hayes fekk inn på topp 40 i USA på mange år. Seinare på året gav han ut det instrumentale Disco Connection, som berre bestod av discolåtar.
I 1976 gav han ut albumet Juicy Fruit der han på omslaget låg i eit basseng med nakne kvinner. Tittelsporet vart gjeve ut på singel. Ein annan song på albumet var «Storm Is Over». Seinare same året kom albumet Groove-A-Thon med singlane «Rock Me Easy Baby» og tittelsporet. Sjølv om alle desse albuma vart rekna som solide verk, selde Hayes dårleg. Han og kona vart tvungen til konkurs i 1976, sidan dei skulda over seks millionar dollar. Mot slutten av konkurssaka i 1977 hadde Hayes mista heimen, det meste av dei personlege eigedelane og retten til alle framtidige honorar frå musikken han hadde skrive, framført og produsert.
Eigar av basketballag 17. juli 1974 tok Hayes, Mike Storen, Avron Fogelman og Kemmons Wilson over eigarskapet av det amerikanske basketball-laget Memphis Tams. Den tidlegare eigaren var Charles O. Finley, eigaren av Oakland A's baseball-lag. Gruppa til Hayes gav laget det nye namnet Memphis Sounds. Trass i at publikumstalet auka med 66 %, tilsetjinga av den høgt akta trenaren Joe Mullaney og at laget nådde sluttspelet, fortsette dei økonomiske problema til laget. Gruppa fekk frist til 1. juni 1975 om å selje 4000 sesongbillettar, få ny investorar og arrangere betre leigevilkår for laget i Mid-South Coliseum. Gruppa klarte ikkje kravet og ABA tok over laget, og selde det til ei gruppe i Maryland, som gav laget namnet Baltimore Hustlers og så Baltimore Claws før klubben til slutt vart nedlagt i sesongen 1975-1976.
Polydor, pause, filmarbeid og Duke of New York I 1977 var Hayes attende med ein ny avtale med Polydor Records, eit konsertalbum med duettar med Dionne Warwick gjorde det ganske godt, og comebackalbumet hans, New Horizon, selde betre og gav han hitsingelen «Out The Ghetto». Det inneheldt òg den populære «It's Heaven To Me».