Abakanfjella (russisk Абаканский хребет, Abakanskij khrebet) er ei fjellkjede av metamorfe bergartar sørvest i Sibir i Russland.Store Norske Leksikon - Abakan – fjellkjede i Sibir, besøkt 28. januar 2019. Ho er 300 km lang og opp til 1984 meter over havet på det høgaste. Fjella er stort sett dekte av taiga opp til 1500 meter over havet, og over dette fjelltundra.
Fjellkjeda er den sørlege grensa til Kuznetsksenkinga der Kuznetskbekkenet i Kemerovo oblast ligg. Fjellkjeda er del av vasskiljet mellom elvane Abakan, Tom og Lebed. Ho er ei sørleg forlenging av Altajfjella og Kuznetsk Alatau.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Abakan Range» frå , den 2. september 2008.
Kategori:Fjellkjeder i Russland