Lime (uttala [lajm]) eller limett (Citrus aurantifolia) er ei rund sitrusfrukt med gulgrønt skal. mini|venstre|Lime-blomar mini|venstre|Ein oppskoren limett. Planten Limett-treet kan bli opptil 5 meter høgt og får små kvite blomar som dei grøne limettfruktene utviklar seg frå. Fruktene har ein diameter på rundt 5 centimeter.

Bruk av limett Frukta inneheld mykje C-vitamin. Ho har ein skarp syrleg smak som gjer seg godt i dressingar og andre tilleggsrettar. Limett kan syltast, smaksetta alkoholdrikkar som tequila, øl, margarita, mojito og Cuba libre eller pressast til utvatna jus.

Limett blir òg brukt i parfyme, aromaterapiprodukt og hudpleieprodukt.

Sjå òg Limey Sitron

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sitrusfrukter Kategori:Sitrusslekta