Tao-Rusyr kaldera er ein stratovulkan som ligg sør på øya Onekotan i Kurilane i Russland. Han har ein 7,5 km brei kaldera danna under eit katstrofalt utbrot for mindre enn 10 000 år sidan (bergartane har ein alder på mellom 5500 og 9400 år). Kaltsevojesjøen fyller kalderaen samt ein stor symmetrisk andesittisk kjegle kalla Krenitsyn, som stig som ei øy i innsjøen. Vulkanen er kalla opp etter kaptein Pjotr Krenitsyn frå den russiske keisarlege marinen.

Det siste utbrotet skjedde i 1952 og danna ein liten lavadom på kysten av øya. Krenitsyn har eit krater på toppen som er 350 meter breitt og er det høgaste punktet på vulkanen og heile Onekotan med 1325 meter over havet. Ein annan kaldera, Nemo, ligg nord på øya og inneheld ei sentral kjegle og ein kratersjø.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tao-Rusyr Caldera» frå , den 21. september 2008. oppgav desse kjeldene:

Vulkansk aktivitet og nyleg tefra på Kurilane''

Kategori:Kurilane Kategori:Fjell i Russland Kategori:Vulkanar i Russland Kategori:Kalderaer i Russland Kategori:Stratovulkanar Kategori:Aktive vulkanar Kategori:VEI-6-vulkanar Kategori:Kratersjøar