Luza (russisk Луза) er ein by i Kirov oblast i Russland med om lag 9 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Luza, ei sideelv til Jug, 301 km nordvest for Kirov.

Byen vart grunnlagd som ein busetnad ved jernbanestasjonen på slutten av 1800-talet på same stad som ein tidlegare busetnad, som var kjend sidan slutten på 1600-talet. Han fekk bystatus i 1944.

Luza er eit stort tømmersenter i området. Det er eit sagbruk og ein fabrikk for produksjon av jernbanesviller i byen.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Luza (by)» frå , den 28. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1899