Sojva (russisk Сойва) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Nordre Mylva frå venstre i nedslagsfeltet til Petsjora.
Elva har ei lengd på 154 km og eit nedslagsfelt på 1790 km². Elva har ei middelvassføring på 20,2 m³/s om lag 24 km før munningen. Ho frys til i slutten av oktober - tidleg i november, og vert isfri att i slutten av april - tidleg i mai.
Den største sideelva hennar er Nizjnjaja Omra (Nedre Omra) frå venstre.
Sojva spring ut sør i Timanhøgdene og strøymer generelt austover. Den øvste delen av elva er omgjeve av skog, medan ein lenger nede finn sletter og myrområde.
Sojva munar ut i Nordre Mylvu 10 km oppfor landsbyen Troitsko-Petsjora.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Сойва (река)» frå , den 29. september 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Komi