Frans I Stefan, òg kalla François III og Francesco II () var konge av dei habsburgske landområda (som i dag utgjer Austerrike, Slovenia, Slavonia, Tsjekkia, Slovakia og Ungarn) frå 1740 og tysk-romersk keisar 1745-1765.

Frans Stefan var son av hertug Leopold av Lorraine, som var etterkomar av Kristian II av Danmark si dotter Kristina av Oldenburg. Han vart hertug i hertugdøma Lorraine og Bar (1729-1737) under namnet François III, og likeeins i hertugdømet Teschen (1729-1765). Han tok over trona i Lorraine etter far sin i 1729, men som følgje av den polske arvefølgjekrigen vart han tvinga til å byte Lorraine mot storhertugdømet Toscana. Som storhertug av Toscana (1737–1765) vart han kalla Francesco II.

I 1736 gifta han seg med Maria Theresia. Under den austerrikske arvefølgjekrigen, som kom til då Maria Teresia var einaste arving til trona etter Karl VI, sikra kona hans at han vart vald til keisar av Det tysk-romerske riket den 13. september 1745, som etterfølgjar av Karl VII.

I ekteskapet med Maria Teresia fekk han heile 16 born, mellom anna Josef II, Leopold II, Maria Karolina av Austerrike og Marie Antoinette av Frankrike.

Frans I døydde av eit hjerneslag den 18. august 1765.

Kategori:Tysk-romerske keisarar Kategori:Tyske kongar Kategori:Huset Lorraine Kategori:Huset Habsburg-Lorraine Kategori:Hertugar av Teschen Kategori:Hertugar av Lorraine Frans 2 Kategori:Folk frå Nancy Kategori:Austerrikske herskarar Kategori:Medlemmar av Royal Society