mini|Kirsten Munk måla av Jacob van Dort. upright|mini|Den amerikanske kongressrepresentanten Kirsten Gillibran. Kirsten er ein dansk variant av kvinnenamnet Kristine. Dette namnet kjem frå det latinske Christiana, 'kristen', som er er avleidd av det greske ordet for Kristus, Christós ('salva'). Namnet er i slekt med former som norsk og finsk Kirsti og svensk Kerstin.

Kirsten har norsk namnedag den 13. november.

Bruk Kirsten er det nest mest brukte kvinnenamnet i Danmark. Det var spesielt populært på jentebarn fødd på 1930-, 1940- og 1950-talet. Kirsten er også eit vanleg namn i Tyskland.

I Noreg var Kirsten mykje gjeve på 1700-talet og igjen rundt 1940-talet. Det var 9 293 kvinner som hadde Kirsten som første førenamnet i Noreg i 2008 (SSB).

Uttale På norsk blir namnet gjerne uttalt med kj-lyd i byrjinga, (IPA []), medan det på andre språk er vanleg med ein hard k-lyd i byrjinga. I det germanske språkområdet er den første vokalen som regel ein i, medan han på engelsk gjerne blir meir som ein ø-lyd (IPA []).

Kjende namneberarar Kirsten Munk (1598-1658), gift med kong Kristian IV av Danmark-Noreg Kirsten Flagstad (1895-1962), norsk sopran Kirsten Hansteen (1903-1974), norsk politikar, første kvinnelege regjeringsmedlem Kirsten Auken (1913-1968), dansk lege og forkjempar for seksualopplysing Kirsten Holst (1936-2008), dansk forfattar Kirsten Bråten Berg (f. 1950), norsk folkemusikar Kirsten Gillibrand (f. 1966), USA-amerikansk kongresspolitikar Kirsten Dunst (f. 1982), USA-amerikansk skodespelar

Oppdikta personar Kirsten Giftekniv, opphavleg frå skodespelet Den forvandlede brudgom av Ludvig Holberg

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Kirsten» frå , den 13. november 2008.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Namn knytte til kristendommen Kategori:Danske førenamn