Mikulov er ein by og ein kommune med utvida fullmakter i distriktet Břeclav okres i regionen Sør-Mähren i Tsjekkia. Han ligg like nær grensa til Austerrike og har om lag 7500 innbyggjarar.
Geografi Mikulov ligg i utkanten av eit åslendt landskap og ved ein stor innsjø. Byen ligg om lag 200 til 250 meter over havet. Eit biosfærereservat definert av UNESCO startar ved Mikulov og det same gjer det moraviske karstlandskapet.
Historie Mikulov var åstad for Nikoklsburg-traktaten den 31. desember 1621 under trettiårskrigen. Etter den austerriksk-prøyssiske krigen starta grev Alajos Károlyi å utarbeide ein fredsavtale i Mikulov som førte til Prahatraktaten i 1866.
I 1938 hadde byen nesten 8000 (hovudsakleg tysktalande) innbyggjarar, men berre om lag 5200 i 1948. Dei etniske tyskarane vart kasta ut i perioden 1945-46. I 1938 var det òg 472 hovudsakleg tysktalande jødar. 372 av desse overlevde ikkje holocaust
Det viktigaste landemerka i byen er Mikulovborga til Dietrichstein-familien og Piarist-gymnaset.
Administrativ inndeling
Då distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, vart det administrative ansvaret til distrikta ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP). Mikulov er ein slik by med utvida fullmakter.
Kommunar Det administrative området til Mikulov omfattar 17 kommunar. Av desse er ein by (tsjekkisk město) og ein marknadsby (tsjekkisk městys). Bykommunar er utheva med halvfeit skrift og marknadsbyar med kursiv skrift.
Folketal Folketalet i det administrative området i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Mikulov SO 19 888 19 234 20 010
Kommunar Dei største kommunane i det administrative området: Kommune Folketal 2021 Mikulov 7 461 1 796 1 628 1 626 1 249
Byar og tettstader Dei største tettstadene i det administrative området: Tettstad Folketal 2021 Mikulov 7 461 1 796 1 628 1 626 1 249
Bydelar i Mikulov Bydelane og tettstadene i Mikulov: Bydel/tettstad Folketal 2021 Mikulov 7 461 Mikulov by 7 461 Mikulov kommune 7 461
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mikulov» frå , den 17. november 2008.
Bakgrunnsstoff
Mikulov Mikulov Mikulov