NSB type 69 er dei vanlegaste togsetta som blir brukt på lokalstrekningane Kongsberg-Eidsvoll Spikkestad-Moss, Drammen-Dal, (Drammen) Asker-Lillestrøm, (Skøyen) Oslo S-Gjøvik, Skøyen-Ski, Skøyen-Mysen, Skøyen-Årnes i dag. Det blir òg brukt i lokalstrekningane på Vestlandet. Det blei bygd av Strømmen verkstad. Eit renoveringsprogram blei starta opp på togsetta i 2005, og togsetta blir fortløpande omlakkert til nye NSB-fargar. Type 69 blir brukt som lokaltog i lag med NSB type 72.

Utgåver Type 69 kom i seks seriar: Type 69A var den originale Type 69, bygd frå 1970 til 1971. Dei har to vogner. Det blei bygd 15 tog av denne typen, og tolv er ennå i bruk. Type 69B er den andre serien, bygd i 1974. Dei fleste av dei 17 Type 69B-setta består av to vogner, men to av dei har ei midtvogn i tillegg. Nokre av toga i b-serien blei ombygde slik at dei kunne ta meir last, noko som gjorde dei passande for lengre turar som Bergen–Myrdal, kor passasjerane ofte tar med ski og syklar. B-serien har berre ei dør på kvar sida, i staden for to, noko som gir meir seteplass, men òg tregare av- og påstiging. Type 69C blei bygd i 1975. Dei har tre vogner. Type 69D blei bygd mellom 1983 og 1990. Dei skil seg frå Type 69C ved å ha ein noko forskjellig utsjånad. 39 av denne typen blei bygd, og 35 var ennå i teneste i 2005. Type 69E er ombygde Type 69D-tog, som blir brukt på litt lengre turar. Dei blei tidlegare brukt på Gjøvikbanen og Jærbanen, men blir no brukt på banen mellom Bergen and Voss. Type 69G er ei anna utgåve av dei ombygde Type 69D-setta. Dei er utstyrt med restaurasjon og ei meir komfortabel fyrsteklassevogn. Det finst ni stykk av dei. Ombygginga skjedde i Danmark og toga køyrer nå på Gjøvikbanen.

Spesifikasjonar Masse: 53,5 - 64 tonn Yting: 1632 hk Akselordning: Bo'Bo' Maksimal snøggleik: 130 km/t

Bakgrunnsstoff Jernbane.org si side om type69 Jernbane.net si side om type69 Databaseoppføringar på type 69

Kjelder Denne artikkelen bygger på «NSB type 69» frå , den 7. desember 2008.

Kategori:Togtypar i Noreg