Peter Kenneth Frampton () er ein engelsk rockemusikar, songar, låtskrivar og gitarist. Han spelte i banda Humble Pie og The Herd. Det internasjonale gjennombrotet til Frampton kom med konsertalbumet Frampton Comes Alive!. Albumet selde meir enn seks millionar eksemplar berre i USA og gav han fleire hittar. Sidan den gongen har han gjeve ut fleire populære album. Han har òg arbeidd med David Bowie og både Matt Cameron og Mike McCready frå Pearl Jam, blant fleire.
Frampton er mest kjend for hittar som «Breaking All the Rules», «Show Me the Way», «Baby, I Love Your Way», «Do You Feel Like We Do», og «I'm in You». Han har òg spelt seg sjølv i fjernsynsshow som The Simpsons og Family Guy. Frampton er kjend for gitarspelinga si og særleg bruken av talkbox.
Diskografi Wind of Change (1972) Frampton's Camel (1973) Somethin's Happening (1974) Frampton (1975) Frampton Comes Alive! (1976) I'm in You (1977) Where I Should Be (1979) Breaking All The Rules (1981) The Art of Control (1982) Premonition (1986) When All the Pieces Fit (1989) Peter Frampton (1994) Frampton Comes Alive II (1995) Now (2003) Fingerprints (2006) Thank You Mr. Churchill (2010) Hummingbird in a Box (2014) Acoustic Classics (2016)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Peter Frampton» frå , den 4. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Beckenham Kategori:Musikarar frå London Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Sologitaristar Kategori:Humble Pie-medlemmar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Engelske rockegitaristar Kategori:Engelske bluesgitaristar Kategori:Ringo Starr & His All-Starr Band-medlemmar