Ingrid Margrethe Gjerde () er ein offiser i det norske forsvaret. Ho vart den fyrste kvinnelege sjefen for Hans Majestet Kongens Garde og er òg den personen som har hatt denne stillinga lengst. Ho byrja i stillinga 1. august 2006.

Gjerde byrja på Hærens befalsskule rett etter den vidaregåande skulen. Ho gjorde det godt der, og gjekk ut i teneste i Hærens infanteri. Etter dette har ho vore troppssjef for det som då var 3. bataljon i Harstad og troppssjef i dei norske styrkane i Libanon. Ho var også både troppssjef og kompanisjef i Telemark bataljon og kompanisjef under SFOR-operasjonen i Bosnia i 1998–1999. Dette har gjort til at ho var den fyrste norske kvinnelege avdelingssjefen i utlandet. I tillegg har ho arbeidd i Hærens kompetansesenter for leiing og i presse- og informasjonsavdelingane til Forsvarets overkommando og Forsvarsdepartementet. Gjerde har hovudfag i statsvitskap, ho har teke den amerikanske stabsskulen og har ein mastergrad i strategi frå Kansas.

Bakgrunnsstoff Befalets fellesorganisasjon – Første kvinnelige Gardesjef Portrettintervju på Forsvarsnett Portrettintervju på Forsvarets forum

Kategori:Norske offiserar