Snezjinsk (russisk Сне́жинск) er ein lukka by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagt i 1957 og var kjent som Tsjeljabinsk-70 fram til 1991. Han fekk bystatus i 1993.

Snezjinsk er eit av to senter for det russiske atomprogrammet (det andre er Sarov) og er bygt opp rundt eit stort forskingsinstitutt—«Det all-russiske vitskaplege forskingssenteret for teknisk fysikk—Føderalt kjernefysisk senter».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1957 Kategori:Lukka byar