Djatkovo (russisk Дя́тьково) er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Bolva, ei sideelv til Desna, rundt 40 km nordvest for Brjansk.
Historie mini|venstre|Djatkovo
Busetnaden vart oppretta i 1626. Han fekk bystatus i 1927.
Brjansk oblast var eit senter for partisanrørsla under den andre verdskrigen. I februar 1942 klarte sovjetiske partisanar å vinne attende kontrollen i Djatkovo og nærliggande landsbyar. Området låg langt inne i nazi-okkupert område. Partisanane gjenoppretta sovjetisk styre og dreiv eit sjukehus og diverse butikkar. Området vart gjenerobra av tyske styrkar i juni 1942.
Økonomi og næringsliv Djatkovo er mest kjend for glasverket sitt og for Djatkovo krystallmuseum (eit museum for glaskunst), som er det største i landet i sitt slag. Byen har òg ein større møbelfabrikk.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Djatkovo» frå , den 28. januar 2009.
Bakgrunnsstoff