Andrus Kivirähk () er ein estisk forfattar som i tillegg til å skrive romanar, også har skrive skodespel og manuskript for film. Han har utdanning som journalist frå Universitetet i Tartu 1988–1993 og er journalist i ei estisk avis. Sidan 1996 har han vore medlem av Den estiske forfattarforeininga. Han er gift med journalisten Ilona Martson og paret har to born.
Prisar 1995: Oskar Luts-prisen 1995: Den estiske kulturkapitalen sin årspris 2000: Den estiske kulturkapitalen sin årspris 2001: Virumaa sin litteraturpris 2004: Anton Hansen Tammsaare-litteraturprisen
Bibliografi Kivirähk er ein produktiv forfattar og har gjeve ut tre romanar, tre bind med forteljingar, seks bind med humoreskar, fire barnebøker og 20 skodespel samla i tre bind. Berre eitt av verka er til no omsette til norsk:
Rehepapp ehk november 2000, omsett av Turid Farbregd: Trollskap i november 2004
Bakgrunnsstoff
Om Trollskap i november Om animasjonsfiguren Lotte Nøste Kendzior si melding av Trollskap i november i Dag og Tid
Kategori:Estiske forfattarar Kategori:Folk frå Tallinn